Studieturen er eit unikt høve til å bli kjend med Gambia, med 4H i Gambia og med mange aktive gambiske og norske 4H-arar. Deltakarane bur hos vertsfamiliar i ulike landsbyar og får vere med på praktisk arbeid og aktivitetar. To norske reiseleiarar og representantar frå 4H i Gambia blir med på reisa i lag med 16 deltakarar frå 4H Norge.

Planen er at vi møtast til samling på Gardermoen før avreise , og vidare til Banjul som er hovudstaden i Gambia. Vi akklimatiserer oss litt ute ved kysten, før vi reiser inn i landet med ein liten minibuss. Her besøker vi fleire landsbyar med 4H-klubbar og ser på prosjekta deira, besøker 4H-kontoret og skular med 4H-aktivitetar og grønsakhagar, deltar i workshoper mv. I nokre netter bur  vi to og to hos vertsfamiliar i landsbyen, men gruppa bur saman på gjestehus innimellom.  Det er også  planar om ein to-dagars ungdomskonferanse i lag med gambiske ungdommar på landbruksskolen Chamen. Før vi reiser heim til Noreg,   deler opplevingar og inntrykk nokre dagar ute ved kysten.  Her legg vi også planar om korleis opphaldet skal synleggjerast når vi er tilbake i Norge.

Målgruppe

Vi har plass til 16 deltakarar og to reiseleiarar. For å bli ein av dei heldige må du anten vere 4H-ar over 16 år, alumn, klubbrådgivar, tilsett, 4H-gardsrepresentant, tillitsvalt eller ein annan form for ressursperson i 4H. Du kan gjerne ha studieturen som ein del av ditt 4H-løp.

Praktisk informasjon (med atterhald om endringar)

  • Søknadsfrist: 1.juni 2026
  • Samling på Gardermoen før avreise
  • Planlagt retur til Oslo etter ca. 14 dagar

Kostnader 

Reisekostnadene fram i tid vanskelege å spå, men du bør rekne om minimum 25000 NOK, i tillegg til reise til/frå heimstaden, og kostnader til nødvendige reisevaksinar, malariatablettar, eiga reiseforsikring og lommepengar (ca. kr 4000). Med auka prisar både innanlands og i Gambia kan kostnadene bli høgare enn dette, om vi ikkje klarar å skaffe prosjektstøtte.


Det er snakk om mykje pengar, men det går an å jobbe for dei. Søk sommarjobb, søk om støtte hos 4H i fylket, 4H-klubben, alumnklubben, kommunen og andre organisasjonar om tilskot til studieturen mot at de fortel om den store reisa i etterkant. Med litt innsats får mange dekt  store delar av reisa. 

Etter studieturen

4H Norge vil  at opplevingane dine blir delt med flest mogeleg. Dette kan du gjere ved til dømes å skrive ein artikkel til lokalavisa, lage ein blogg eller  halde eit  innlegg for 4H-klubben, skuleklassar, sanitetskvinnene, bygdekvinnelaget, småbrukarlaget, bondelaget, Rotary, Lions, Rebecca og liknande.

Søknadsfrist: 11. juni 2026. Søknadskjema blir lagt ut i 2026.