Eller registra deg her, om du alt veit du vil delta!!

Landsleiren skal vera på Voss vgs 6.-13. juli 2024, og me treng mange frivillige som kan gjera ein innsats både før, under og etter leiren. Som frivillig jobbar du dugnad i det tidsrommet som høver for deg frå 2.-16. juli. Når du melder deg som frivillig, betyr ikkje det at du bind deg for heile leiren eller mange dagar.
Høver det berre nokre timar, er dette til stor hjelp for oss! Du vel sjølv om dette skal vera før, under eller etter leiren.

Foto: Heidi GrønsbergFør leiren: rigga leirområdet slik at me er klare til å ta i mot deltakarane, setja opp gjerder, setja opp bord og benker, merka opp leirområdet osv.


Under leiren: matservering, områdevakt, brannvakt/nattevakt, kiosksal mm.

Etter leiren: rigga ned leirområdet, ta ned gjerde, generell opprydding mm. Her treng me nye krefter, som hjelper oss med å halda motivasjonen oppe dei siste dagane.

Du treng ikkje nøla med å melda deg, då dette verkeleg er eit fantastisk eventyr å vera ein del av. Me er allereie ein god gjeng som er med, og me har rom til mange fleir.

Dersom du vil vera med, registrer deg her!
 

Om det er spørsmål, kan dei rettast til: frivillig.landsleir24@4h.no 

Me håpar å høyra frå akkurat deg!