-
Miljøtorget
Miljøtorget er kveldens samlingsstad på leiren!Våre erfarne alumnar tek styringa og sørgjer for ekstremt god stemning, ekstremt gode vaflar og ein ekstremt varm kopp kakao.
Her kan du vente deg musikk, dans og kortspel som varer ut i dei små nattetimane.
I tillegg arrangerer dei ei rekkje morosame aktivitetar der du kan delta på det som freistar mest.
Bli med på- swinghalvtime
- speed-friending
- limbo
- karaoke
- kræsjkurs i swing, gamaldans og linedance
Eine kvelden blir det også neon-party, så kle deg ut og bli med på moroa!
-
Open dag Torsdag 11.juli
Bli med og utforsk leirlivet på nært hald!
Me ynskjer ALLE velkomen til ein ekstremt opplevelsesrik dag på leir!
Denne dagen får de sjansen til å oppleve HADO Sport, presentert av HADO Norge.
Dette er ikkje berre kanonball – det er kanonball i Augmented Reality-format! Ta del i ein unik og futuristisk oppleving der den verkelege verda møter den utvida gjennom AR-teknologi.
Me er også begeistra for å ha Morten Lyngøy og hans team frå Lyngøy motorsport på besøk.
La deg fascinera av deira lidenskap for motorsport og få innsikt i den spennande verda dei representera.Er du glad i traktora, kanskje av den gamle sorten?
Då kan me gleda deg med at Køyretøyhistorisk klubb Voss kjem til å ha veteranutstilling av traktorar.Men det stoppar ikkje der!
Me har også invitert samarbeidspartnarar og lokale bedrifter til å setja opp standar.
Dette gjer deg høvet til å gjere ein god handel medan du utforskar det varierte utvalet dei har å tilby.Hald deg oppdatert, for me vil snart avsløra endå fleire spennande programdetaljar for dagen.
Ta med familie og vener og bli med oss på ein dag fylt med gleda, læring og fellesskap.Me gler oss til å sjå dykk!
-
Gondoltur
Under landsleiren ynskjer me å tilby alle deltakarane ein gondoltur opp på Hangurstoppen (820.moh). Dette er ein tur som alle kan vera med på. Frå Hanguren har du eit fantastisk utgangspunkt for mange flotte turar. Reisetid med gondolen opp er 8.min og 48.sekund. På Hangurstoppen tilbyr me tre ulike turar for deltakarane.
- Ekstrem kort tur: Hanguren Panorama er ein liten rusletur rundt Hangurstoppen. Dette er ein lett tur som passar alle (også for dei med rullestol). Løypa er 800 meter og byr på vakker panoramautsikt over Vossafjella, Lønavatnet og Voss Sentrum. Me et nista og ser oss rundt før me tek gondolen ned igjen og buss tilbake til leiren.
Dette er turen for deg som treng tilrettelegging!
- Ekstrem middels tur: Me går Hanguren Panorama og nyt utsikta før me ruslar ned til Rødekorshytta. Her et me nista vår, slappar av og det vert moglegheit for bading i Valbergstjørni. Etter lunsjpausen går me ned igjen Bavallen og tilbake til leiren.
Denne turen er for deg som ikkje treng tilrettelegging eller ynskjer sjå heile Voss frå Lønahorgi!
- Ekstrem lang tur: For dei som vil sjå heile Voss. Dette er ein tur for dei spreke og mest ekstreme. Turen går på merka sti frå Hanguren via Rødekorshytta til Slettafjellet. Deretter går stien oppover ryggen mot Horgaletten, Kvilehytta og vidare til Lønahorgi (1462.moh). På ein godværsdag kan ein sjå heile fire isbrear frå toppen. Tidsbruk: ca 6-8 timar
- Ekstrem kort tur: Hanguren Panorama er ein liten rusletur rundt Hangurstoppen. Dette er ein lett tur som passar alle (også for dei med rullestol). Løypa er 800 meter og byr på vakker panoramautsikt over Vossafjella, Lønavatnet og Voss Sentrum. Me et nista og ser oss rundt før me tek gondolen ned igjen og buss tilbake til leiren.
-
Smalahovemiddag
Tørr du å eta smalahove?
Torsdags ettermiddag vert det ein uforgløymeleg middag saman med andre leirvener.
Smalahovetunet er den einaste smalahoveprodusenten i Noreg, men i tillegg til smalahove vert det laga pinnakjøt, rullepølse, korv og mange andre tradisjonsrike kjøtprodukt.Denne ettermiddagen får du ikkje berre middag, men ei omvisning på garden Løno og Smalahovetunet. Du får læra om salting og røyking av smalahove og du vil få vera med inn i produksjonslokala og sjå korleis det heile føregår. Etter omvisninga vert det festmiddag i stabburet frå 1700-talet eller i Grindbygget.
For meir info sjå Smalahovetunet
Bli med då vel!
Påmelding til leiren her! -
Strikkepakke
Det er med stor gleda du kan strikka din eigen leirgensar!
Landsleirgenseren er ikkje berre eit plagg; det er eit symbol på samhald,
kreativitet og ikkje minst den EKSTREME opplevinga som ventar deg på Voss i Juli.Strikkepakken er lansert av Hillesvåg Ullvarefabrikk, og her snakkar me kvalitetsgarn.
Så, kva ventar du på?
Bestill di eiga strikkepakke til Landsleirgenser i dag!
Du vil få ein varm og flott genser som vil vara i åravis og vera ein del av eit EKSTREMT minnerikt eventyr.Saman skal me lage historie, éi maske av gongen.
Gjer deg klar og la strikkepinnane dine dansa i takt med hjartelaga dine..Me gler oss til å sjå deg på Landsleiren kledd i din eigen, unike Landsleirgenser.
Dåke finn også Landsleirgenseren som oppdrag i oppdragsbanken!