Her er oversikt over alle aktivitetane ein kan velja mellom på leiren, samt det du treng for din aktivitet! Det er berre til å gleda seg!
-
Fallskjermhopp - FULLT
Har du lyst på eit skikkeleg adrenalinkick og hoppa ut frå eit fly 4000 meter opp i lufta?
Før flyturen går du nøye gjennom hoppet på bakken saman med tandeminstruktøren din. Frå flyet vil du vera i fritt fall i 200km/t i om lag 45 sekund. Heile opplevinga vert filma og skjemturen tek ca 5-7 minutt. Vi garanterer ein luftig utsikt og ei oppleving for livet du seint vil gløyma.
Aldersgrense: 16 år.Egenandel kr 3000;
-
Paint ball -FULLT
Likar du skyting fart og spenning, då er dette aktiviteten for deg!
Aktiviteten føregår på ein oppblåsbar konkurransebane. Det vert intense 2 minutts kampar, med 4 på kvart lag. Her vert det gode moglegheiter til å få eit skikkeleg adrenalinkick!
Det er og ei lita klatreløype å leike seg i mellom slaga!Egenandel kr 150;
-
Golf -FULLT Måndag
Dette er aktiviteten for deg som ynskjer å få ei innføring i golf eller for deg som vil øve deg på å bli betre på slag. Voss golfbaner ligg idyllisk plassert ved Lønavatnet og kan tilby flotte treningsområder med 9-holsgolfbane, klubbhus og golfsimulator.
Egenandel kr 100;
-
Kompani Landsleir -FULLT
Dette kurset er for deg som ynskje å kjenne på meistring, læra kjende militære aktivitetar og ynskje å gje seg sjølv ei skikkeleg utfordring.
På Kompani Landsleir vil du oppleva teambuilding, slit, stressmeistring og god gammedags sluttet orden. Ein vise-korporal frå Heimevernet skal lede dykk gjennom dagen og hugs; “Våga du, våga me!”
-
Gardsbesøk
Bli med rundt i Vossabygda og besøk dei lokale bøndene heima på gardane sine. Her får du ei omvising der bonden fortel om drifta si. Ein får eit innblikk i bøndene sin kvardag og ein får sjå kor maten du kjøper i butikken kjem i frå.
-
Stølsbesøk
Bli med på stølsbesøk i Vossafjell.
Me køyrer til stølen Veskre der får du oppleva tradisjonelt stølsliv.Det blir eit innblikk i ein dag på stølen der ein separere mjølk og kidnar smør og får helse på kalvar og kyr på sommar beite.
Vossasmøret kjem her fråAud sitt smør:
Det er laga etter gamle tradisjonar slik ho besta lagde det, og vert kidna med omsorg for menneskje, dyr og natur. -
Skateboard
Har du drøymt om å bli ein god skatar eller elskar du å trikse med brett, då er dette kurset for deg. Voss skate- og aktivitetspark vart opna i 2022.
På kurset vil du læra generell kunnskap om skateing og sikkerheit i park.
Du vil og få læra mange basis triks og andre avansert øvingar om du er meir erfaren.Skateparken består av ein Street plaza og ein bowl.
-
MTB stisykling -FULLT
Dette er for deg som vil ut og sykle i skog og mark. Det vil bli arrangert guida tur i gruppe på variert sti i skog og mark med guide som viser deg dei beste stiløypene på Voss. Du får utdelt hjelm og fullfjæra mountain bike og på turen vil du få tips som kan forbedra teknikken din.
Egenandel kr 400;
-
Sykkeltur rundt Vangsvatnet
Dette er for deg som likar å sykle i eit litt rolegare tempo og vil ta inn den flotte naturen og dyrelivet på Voss rundt Vangsvatnet. Turen blir sykla i gruppe i lag med lokal guide som vil vise veg rundt. Mesteparten av turen vil vere på asfaltert veg.
-
Vikinglandsbyen
Bli med til Gudvangen og møt innbyggjarane i vikingbyen Njardarheimr. Her tek vi deg med 1000 år tilbake i tid. I Njardarheimr får du ta aktivt del i eit samfunn med folk som er levande opptekne av å formidle historia om vikingane. Her får du prøva deg på bogeskyting, øksekast og ulike vikingleikar.
VIKING VALLEY... DER VIKINGHISTORIA BLIR VEKT TIL LIVE
Viking Valley ligg i Gudvangen – i hjartet av det unike fjordlandskapet i Nærøyfjorden som er ført opp på verdsarvlista til UNESCO. Her finn me vikingbyen Njardarheimr, som gir nytt liv til historia og kulturen frå vikingtida.
-
Kurs i smiing -FULLT
Er du glad i jern, stål og metall? Likar du hamring, bøying og føying då er dette kurset for deg. På kurset får du læra grunnleggande arbeidsteknikkar, bruk av ulik reiskap og ambolt under smiing, materialkunnskap og korleis bruke ei esse.
Egenandel kr 100;
-
Slaktekurs -FULLT
Slaktekurset vert holdt ved eit gardsslakteri.
Her vil du få høve til å delta aktivt i slakting av dyr på garden og lære korleis kjøtet skal behandlast for å verta gode kjøttrettar på middagsbordet. -
Opplev gamle Voss
Me besøkjer Voss Folkemuseum og Mølstertunet. Her vil du få ein guida tur gjennom dei gamle husa som truleg er frå før vikingtida. Du vil få eit innblikk i byggeskikk og levemåte frå eldre tid. Etterpå går me inn og ser på dei ulike utstillingane, mellom anna basisutstillinga «Utsyn mot Voss» som fortel historia om Voss dei siste 500 åra.Mølstertunet ligg høgt og fritt med fin utsikt over Vossavangen. Det er eit vakkert gardstun med 16 små og store bygningar.
-
Fyrstehjelpskurs
Kurset er for deg som vil læra grunnleggande fyrstehjelp ved enkle livreddande tiltak. Du vil få opplæring i hjarte- og lungeredning, sikring av frie luftvegar, vurdering av skadar, stansa blødningar og korleis opptre på ein ulykkesstad.
-
Nålefiltekurs
Er du av den kreative typen og likar handarbeid, bør du velgje dette kurset. Her får du laga Snipp- og Snapp-figurar av ull med filtenåler. Her får du læra teknikken med nålefilting som er ein utruleg artig aktivitet.
-
Volleyball + (dommarkurs) -FULLT
Her blir det spel og øving på volleyballteknikk. Om du har spelt før eller er heilt fersk i faget vil aktiviteten passe godt, me deler gruppa inn etter nivå. Her har du mogelegheit til å trene opp ferdigheitene til volleyballturneringa på leiren.
-
Gamaldans
Dette er aktiviteten for deg som vil ha litt innføring i pardans. Her vil du bli kjent med ulike gammaldansar som reinlender, vals, polka og gjerne noko lokalt innan springar. Her vert det mykje moro og levande musikk, då kursleiar har med seg eigen spelemann.
-
Contry Linedance
Kurset er for deg som er glad i dans og countrymusikk. Ta på deg boots, hatt og bli med og dans. På dette kurset dansar du utan partnar, i ein gruppeformasjon på rekker og rad. Du vil læra fleire ulike dansar med basistrinn som går igjen frå dans til dans.
-
Swing, vidarekomne og nybegynnar
Å dansa swing er kjekt å kunna!
Aktiviteten er for deg som er nybyrjar innan swing eller meir erfaren. Her kan ein finpusse grunnteknikk og lære nokre nye dansetrinn. Med flinke instruktørar og god musikk er dette ein kjekk aktivitet for alle. -
Bading i Vossabadet
Denne aktiviteten er for deg som likar å bade inne. I Vossabadet kan du nyte varmebassenget med 33 varmegrader. Likar du å stupe, har dei stupebasseng med 1, 3 og 5 meter stupebrett.
I tillegg har dei kafe, badstu, sklie og Wibit i det store 25 meters bassenget.
-
Tradisjonsbakst -FULLT Tysdag
Likar du lukta av nysteikte lefser og flatbrød? Ja då bør du velgja tradisjonsbakst! På dette kurset får du læra å laga deig til tradisjonsbakst. Du vil få god opplæring i bruk av fløy, spåa og ulike kjevler. Saman med kyndige “bakstedeier” skal du få læra å baka både flatbrød og Nordlandslefser.
-
Skyting -FULLT
Ta skytekurs, og sjå om du treff blink. Skytinga er på skytebanen på Voss, der det var Landskyttarstemne i 2023. Du lærer rett handtering og bruk av våpen, og øving med skyting på blink. De får skyte med salongrifla (kaliber 22).
-
Kurs i flugefisking - FULLT tysdag
På dette kurset vil du få læra å svinga på stanga! Her vil du få opplæring i ulike fiskemetodar og teknikkar. Du vil læra ulike grep og kasteteknikkar, korleis du bør kle deg, innføring i ulike stenger og tilbehøyr m.m. Det vert og ei praktisk økt med kasting i elv.
-
Klatring stor løype + zipline -FULLT
Denne aktiviteten er for deg som vil utfordra balanseferdigheiter gjennom skogen frå tre til tre. Voss Active sin klatre og ziplinepark byr på små og store utfordringar i fleire løyper. Vil du suse gjennom lufta, tør du kanskje å ta ziplineløypa som kryssar over Strandaelva ved fleire punkt.
Egenandel kr 400;
-
Dødsing
Er du av den ekstreme typen som likar luftige hopp og akrobatikk i lufta, då er dette kurset for deg! På kurset vil du lære klassisk døds og fristil døds.
Halve dagen vert det trening på teknikk inne i Vossabadet og etter lunsj vert det dødsing på Demmo!Den anerkjente dødseren Arne Haugland kjem for å holda kurset. Dette gjev dykk ein flott moglegheit til å gle dykk, samtidig som det garanterer ein trygg oppleving.
Egenandel kr 200;
-
Kurs i elvekajakk og packrafter -FULLT mandag
Er du glad i fart og spenning? Likar du å vera i det våte element? Då bør du velgje denne aktiviteten. På kurset får du læra grunnleggande padleteknikk på elv. Du vil få opplæring i sikker åtferd på elv og mykje anna morro.
Har du padla elvekajakk, vil du truleg læra teknikkar som du seinare kan bruke i havkajakken.Egenandel kr 800;
-
Kurs i havkajakk
Kurset er for deg som vil læra å padle havkajakk. Her vil du læra ulike padletak, padleteknikkar, sikkerheit, redningsteknikkar og du vil få ei innføring i korleis du pakkar kajakken for lengre turar. Er du glad i natur og padling er dette kurset for deg.
Egenandel kr 800;
-
Rafting Grad 4 -FULLT
Rafting er for deg som elskar vatn, fart og spenning.
Voss Active arrangerer rafting i Stranda- eller Raundalselva, begge elvene av høg internasjonal standard. Du vil oppleva rolege parti, trange juv og fossande stryk.
Dei garanterer ein fantastisk oppleving.Aldersgrense: 15 år ila året.
Egenandel kr 450;
-
Fly i Voss Vindtunnel -FULLT
Vil du ha følelsen av å vera i fritt fall, men ikkje har behov for å hoppe ut av eit fly?
Då kan det hende vindtunnelen på Voss vil falle i smak! Her får ein prøve seg med ein erfaren instruktør som vil hjelpe deg mot å klare å fly av eigen maskin. Utruleg moro, sjølv om det er dårleg vær.Egenandel kr 500;
-
Tandem paragliding - FULLT
Vil du oppleve Voss i frå eit fugleperspektiv?
Då er nok ein tur i paraglider tingen for deg! På denne aktiviteten får du bli med ein erfaren pilot på luftetur over Voss og sjå Vangen i frå lufta, frå omlag 800 meter over sentrum. Kor turen blir i frå avhenger av vindretning, men det fine med Voss er at så lenge det er flygbart, kan ein ta av frå alle retningar like rundt sentrum.Egenandel kr 1250;
Max vekt: 120 kg