Me ynskjer at alle skal ha det kjekt på leir og ber deg difor bruka sunn fornuft;
ta vare på alle rundt deg, oppfør deg fint,
gjer noko kjekt for deg sjølv og andre og følg leirreglane! 
Leirreglane gjeld alle 4H-arar, 4H-alumnar, leiarar og andre som oppheld seg på leirområdet!


 

Generelt sett oppfordra me deg til å lytta til Kardemommelova: 
Ein skal ikkje plaga andre, ein skal vera grei og snill
- og for øvrig kan ein gjera som ein vil!  

 

  1. Gjer deg kjend med leirprogrammet og følg det. 

  1. Alle skal nytta synleg leirbevis gjennom heile leiren. 

  1. Forlat ikkje leirområdet. 

  1. Gjestar skal registrera seg og få besøkskort. 

  1. Meld frå til leiaren din om du vert sjuk eller skada, eller om du ser nokon andre som treng hjelp, uansett tid på døgeret. 

  1. Hald orden i leirområdet og bruk bossbøtter. La brannsløkkingsutstyr og anna leirutstyr vera i fred. Ser du noko bli øydelagd eller skada, meld dette inn til leirkontoret! 

  1. I teltleiren skal det vera ro mellom kl. 23 og 07. 

  1. Bading er lov på tilvist plass til oppgitt tid, så lenge du er saman med ein leiar (1:15) som er symjedyktig og kan grunnleggjande livredding. 

  1. Røyking, bruk av propanapparat og open eld er strengt forbode, utanom på tilviste plassar. Dette gjeld òg elsigarett. 

  1. Alkohol og andre rusmiddel er ikkje tillate, og fører automatisk til heimreise på eiga rekning. 

  1. Det er ikkje lov å ha med seg, eller drikke, energidrikk under leiren. 

  1. Leirrådet kan ta frå deltakarane farlege gjenstandar, som kniv, ved behov. 

  1. Ta omsyn til dei andre leirdeltakarane, og naboane til leirområdet. Ikkje opphald deg på/i område/bygningar som ikkje er ein del av leirområdet. 

  1. Respekter andre sine grenser. Seksuelt krenkande åtferd blir ikkje tolerert. Dette kan være uønskt fysisk kontakt, sårande eller ”grisete” kommentarar eller liknande.  

  1. Hugs å spørja om lov før du publiserer bilete/video av andre. 
     

Alvorleg brot på reglane kan medføre heimsending på eiga rekning. 
Det er leirrådet som tek avgjerd om heimsending.