velkomen

No er det ikkje lenge før me skal snu nasa mot Landsleir 2024 på Voss.
Leirkomitéen gler seg til å ta imot alle til ei ekstremt kjekk veka!
 

Åtkomst: frå kl.13:00 laurdag 6.juli
Avreise: innan kl.11:00 laurdag 13.juli
Adressa: Leiren finn stad på Voss vidaregåande skule
Strandavegen 251, 5710 Skulestadmo.

Dei som kjem med rutebuss går av på busstoppet «Voss vgs».
Hugs å bruke undergangen om du går av på «feil side» av vegen.


Reiser utanom fellestransport
– gi beskjed til landsleir2024@4h.no og fylket ditt om når du kjem til leirområdet. 

Blir du køyrd
– ta av mot skulen i rundkøyringa, og du blir geleida til korttidsparkeringa.

Køyrer du sjølv
– ta av mot skulen i rundkøyringa, og du blir geleida til langtidsparkeringa.
 

innmarsjInnmarsj: 
Tema for innmarsjen er “ekstrem innmarsj”,

sjekk med fylket ditt kva du skal kle deg ut som.
          Slagordet vårt er VÅGA DU, VÅGA ME,
så her er det berre fantasien som stoppar deg.


betalingBetaling under leiren:
         Det blir kontantfri leir, og me tek difor berre i mot bankkort og Vipps.(ikkje kredittkort)

ladMobillading: 
         Det er mogeleg å lada mobilen i ladebua.
Du må ha med eigen ladar og merka den med namn på førehand.
         Lading av mobil kostar kr 20 og lading av til dømes powerbank kostar kr 40.


kioskKiosk:
         
Det blir kiosk i leiren, med sal av dei tradisjonelle kioskvarene, samt leir/4H-artiklar.

miljøMiljøtorg:
           
Våre erfarne alumnar tek styringa og sørgjer for ekstremt god stemning,
ekstremt gode vaflar og 
ein ekstremt eksklusiv H.A.N.S.A.-spesial på kveldstid.
Her kan du venta deg musikk, dans, kortspel og mykje meir.
           Eine kvelden blir det neon-party, så kle deg ut og bli med på moroa.
         
 Alumnar og siste års senior kan melda seg til miljøtorgvakter HER, både før og undervegs i leiren!

teltTun:
          Leirområdet blir delt inn i tun etter kva fylke som bur der.
Nokon fylke er slått saman til eit tun.
          På søndagen vert det tunbygging, der kvart fylke får utdelt ei verktøykasse og materiale til å byggja sin eigen portal.
          Det vert konkurranse om kven som har den finaste portalen.

 

badingBading:

Bading er lov på tilvist plass til oppsette tider.
Dette gjeld på vilkår av at vaksenleiaren din gjev deg lov.
           Dei som badar skal vera i følgje med ein vaksenleiar (1:15) som er symjedyktig og kan grunnleggjande livredning.
           Leirområdet ligg rett ved eit vatn, og det blir moglegheit for bading for dei som går “ekstremt middels tur” på onsdagen.

 

gondolGondoltur:

           
Onsdagen skal alle gå ned på Vangen (3,5 km), og så ta gondolbanen opp på Hangurstoppen (820 moh.).

 

          Frå Hangurstoppen tilbyr me tre ulike turar:
  flEkstremt kort tur:
          Dette er turen for deg som ikkje kan gå så langt og treng ein tilpassa tur.

  flEkstremt middels tur:
          Dette er turen “alle” skal gå.
          Me et nista ved Røde Kors-hytta, før me går ned att til leiren. Pakk vanntette sko!
  
flEkstremt lang tur:
          Dette er turen for dei spreke og fjellvande.
          Turen går til Lønahorgi (1410 moh.) og tek 6-8 timar.
          Dei som skal hit må ha
: turkle, fjellsko (vanntette stødige sko), dagstursekk,
          ullklede, vindjakke/ bukse,
hue/ hanskar, sitjeunderlag, niste og drikkeflaska.
 

 Gje beskjed til fylket ditt allereie no om du veit at du vil gå denne turen.


       Denne dagen er det lov å gå innom ein vanleg butikk. Dei andre leirdagane har ein ikkje moglegheit til dette.

 

OPEN Open dag:
         Torsdagen kan familie og vener bli med oss på ein dag fylt med glede, læring og fellesskap.
         Sjekk ut open dag 
for program.

 

FOTOFylkesfoto:
         Søndagen skal me ta fylkesfoto og alumnfoto.
Har du ikkje bestilt, kan du gjera dette på leirkontoret. Biletet kostar kr 100;


AKTIVAktivitet:
         Nokre aktivitetar krev eigenerklæring.
Om dette gjeld deg vil du få ein e-post med eit skjema som skal fyllast ut før du kjem på leir.

         
Desse aktivitetane krev at du tek med deg ekstra utstyr: 
          
flSlaktekurs: støvlar og regnbukse
flTradisjonsbakst: Ta med forklede

flRafting: ta med badetøy, handduk, (ull undertøy dersom det er kaldt) 
 

tevlingTevlingar:
         Det vert tevlingar i tautrekking og volleyball. Meir informasjon om dette vil koma frå leiar under leiren.

 

mobiMobilnummer:
         Før du reiser på leir må du sjekka at mobilnummeret som ligg i medlemsregisteret er ditt eige.
         Dersom me skal ha tak i deg under leiren, er det mobilnummeret som står der me brukar.

 

parfyme
Parfymefri leir:

        Me oppmodar alle om å leggja att parfymen heima, og generelt bruka så lite parfymerte produkt som mogeleg undervegs på leiren.
 

forbod
Forbod mot nøtter:

        Det vert totalforbod mot nøtter under heile leiren.
        Det er derfor ikkje lov til å eta, ta med eller kjøpa snacks/mellommåltid som inneheld nøtter (nøtteblanding, snickers, mellombar o.l.).