Er du fødd i 2010 eller tidlegare og ynskjer ei veke fylt med ekstremt kjekke aktivitetar, minner – og ikkje minst nye og gamle 4H-venner?

Kva ventar du på - meld deg på no!

Du kan velge 5 deltakarkatogoriar ved påmelding:

  • Deltakar 3500 kr er vanleg deltakar på leiren (velg éin aktivitet måndag og éin på tysdag)
  • Deltakar, spesial 2500 kr er for dei med ekstremt tidleg bilett. (velg éin aktivitet måndag og éin på tysdag)
  • Vaksenleiar  kr 0 er for dei som skal vere leiarar frå sitt fylke
  • Observatør kr 0 er for dei som skal vere observatør på leiren.
    (Vaksenleiar og observatører skal velge aktiviteten: Leder -Ansatt -Observatør.
    I Fritekstfelt fører de opp 3 aktivitetar ein kan tenke seg, så vert det fordelt ledera der det er behov og plass)
  • Arrangør kr 0 er for ansatte og hovedkomitemedlemmer.
    (Vaksenleiar og observatører skal velge aktiviteten: Leder -Ansatt -Observatør.
    I Fritekstfelt fører ein opp 3 aktivitetar ein kan tenke seg, så vert det fordelt ledera der det er behov og plass)


Aktivitetar som er fullbooka vil ikkje visast på lista, så ein må der med velje noko anna.
Ein del av aktivitetane krev også ein eigenandel som må betalast ved påmelding.

Sjå alle dei spennande aktivitetane lista opp her!

Pass på å melde deg på smalahovemiddagen som vert torsdags ettermiddag.
Det blir ein uforgløymeleg middag saman med andre leirvenner. Denne ettermiddagen får du ikkje berre middag, men også ei omvisning på garden Løno og Smalahovetunet.
Tørr du?
Smalahovetunet - Produkt

 

Hugs å krysse av for spesialmat om du har allergiar eller andre behov.
 

Sjekk desse kule leirgensarane - dei kan du forhandsbestilla i påmeldinga.
Skriv inn storleik og farge i fritekstfeltet.

beigeGrå

 

Me oppfordra alle til å ta tog til landsleiren i år.
Kryss av for dette om du har lyst å vere med på landsleirtoget.
Toget går kl 08.25 frå Oslo S 06.07.2024 med retur frå Voss lørdag morgen 13.07.2024.
(Fylkene organiserer reise og betaling av togturen så det treng du ikke betale no)