Under landsleiren ynskjer me å tilby alle deltakarane ein gondoltur opp på Hangurstoppen (820.moh). Dette er ein tur som alle kan vera med på. Frå Hanguren har du eit fantastisk utgangspunkt for mange flotte turar. Reisetid med gondolen opp er 8.min og 48.sekund. På Hangurstoppen tilbyr me tre ulike turar for deltakarane.

Foto: Heidi Grønsberg

  1. Ekstrem kort tur: Hanguren Panorama er ein liten rusletur rundt Hangurstoppen. Dette er ein lett tur som passar alle (også for dei med rullestol). Løypa er 800 meter og byr på vakker panoramautsikt over Vossafjella, Lønavatnet og Voss Sentrum. Me et nista og ser oss rundt før me tek gondolen ned igjen og buss tilbake til leiren.
    Dette er turen for deg som treng tilrettelegging!
     
  2. Ekstrem middels tur: Me går Hanguren Panorama og nyt utsikta før me ruslar ned til Rødekorshytta. Her et me nista vår, slappar av og det vert moglegheit for bading i Valbergstjørni. Etter lunsjpausen går me ned igjen Bavallen og tilbake til leiren.
    Denne turen er for deg som ikkje treng tilrettelegging eller ynskjer sjå heile Voss frå Lønahorgi!
     
  3. Ekstrem lang tur: For dei som vil sjå heile Voss. Dette er ein tur for dei spreke og mest ekstreme. Turen går på merka sti frå Hanguren via Rødekorshytta til Slettafjellet. Deretter går stien oppover ryggen mot Horgaletten, Kvilehytta og vidare til Lønahorgi (1462.moh). På ein godværsdag kan ein sjå heile fire isbrear frå toppen. Tidsbruk: ca 6-8 timar

Foto: Heidi Grønsberg