-
Praktisk info
No er det ikkje lenge før me skal snu nasa mot Landsleir 2024 på Voss.
Leirkomitéen gler seg til å ta imot alle til ei ekstremt kjekk veka!
Åtkomst: frå kl.13:00 laurdag 6.juli
Avreise: innan kl.11:00 laurdag 13.juli
Adressa: Leiren finn stad på Voss vidaregåande skule
– Strandavegen 251, 5710 Skulestadmo.Dei som kjem med rutebuss går av på busstoppet «Voss vgs».
Hugs å bruke undergangen om du går av på «feil side» av vegen.
Reiser utanom fellestransport
– gi beskjed til landsleir2024@4h.no og fylket ditt om når du kjem til leirområdet.
Blir du køyrd
– ta av mot skulen i rundkøyringa, og du blir geleida til korttidsparkeringa.
Køyrer du sjølv
– ta av mot skulen i rundkøyringa, og du blir geleida til langtidsparkeringa.
Innmarsj:
Tema for innmarsjen er “ekstrem innmarsj”,
sjekk med fylket ditt kva du skal kle deg ut som.
Slagordet vårt er VÅGA DU, VÅGA ME,
så her er det berre fantasien som stoppar deg.
Betaling under leiren:
Det blir kontantfri leir, og me tek difor berre i mot bankkort og Vipps.(ikkje kredittkort)Mobillading:
Det er mogeleg å lada mobilen i ladebua.
Du må ha med eigen ladar og merka den med namn på førehand.
Lading av mobil kostar kr 20 og lading av til dømes powerbank kostar kr 40.
Kiosk:
Det blir kiosk i leiren, med sal av dei tradisjonelle kioskvarene, samt leir/4H-artiklar.Miljøtorg:
Våre erfarne alumnar tek styringa og sørgjer for ekstremt god stemning,
ekstremt gode vaflar og ein ekstremt eksklusiv H.A.N.S.A.-spesial på kveldstid.
Her kan du venta deg musikk, dans, kortspel og mykje meir.
Eine kvelden blir det neon-party, så kle deg ut og bli med på moroa.
Alumnar og siste års senior kan melda seg til miljøtorgvakter HER, både før og undervegs i leiren!Tun:
Leirområdet blir delt inn i tun etter kva fylke som bur der.
Nokon fylke er slått saman til eit tun.
På søndagen vert det tunbygging, der kvart fylke får utdelt ei verktøykasse og materiale til å byggja sin eigen portal.
Det vert konkurranse om kven som har den finaste portalen.Bading:
Bading er lov på tilvist plass til oppsette tider.
Dette gjeld på vilkår av at vaksenleiaren din gjev deg lov.
Dei som badar skal vera i følgje med ein vaksenleiar (1:15) som er symjedyktig og kan grunnleggjande livredning.
Leirområdet ligg rett ved eit vatn, og det blir moglegheit for bading for dei som går “ekstremt middels tur” på onsdagen.Gondoltur:
Onsdagen skal alle gå ned på Vangen (3,5 km), og så ta gondolbanen opp på Hangurstoppen (820 moh.).
Frå Hangurstoppen tilbyr me tre ulike turar:
Ekstremt kort tur:
Dette er turen for deg som ikkje kan gå så langt og treng ein tilpassa tur.Ekstremt middels tur:
Dette er turen “alle” skal gå.
Me et nista ved Røde Kors-hytta, før me går ned att til leiren. Pakk vanntette sko!
Ekstremt lang tur:
Dette er turen for dei spreke og fjellvande.
Turen går til Lønahorgi (1410 moh.) og tek 6-8 timar.
Dei som skal hit må ha: turkle, fjellsko (vanntette stødige sko), dagstursekk,
ullklede, vindjakke/ bukse, hue/ hanskar, sitjeunderlag, niste og drikkeflaska.
Gje beskjed til fylket ditt allereie no om du veit at du vil gå denne turen.
Denne dagen er det lov å gå innom ein vanleg butikk. Dei andre leirdagane har ein ikkje moglegheit til dette.Open dag:
Torsdagen kan familie og vener bli med oss på ein dag fylt med glede, læring og fellesskap.
Sjekk ut open dag for program.Fylkesfoto:
Søndagen skal me ta fylkesfoto og alumnfoto.
Har du ikkje bestilt, kan du gjera dette på leirkontoret. Biletet kostar kr 100;
Aktivitet:
Nokre aktivitetar krev eigenerklæring.
Om dette gjeld deg vil du få ein e-post med eit skjema som skal fyllast ut før du kjem på leir.
Desse aktivitetane krev at du tek med deg ekstra utstyr:
Slaktekurs: støvlar og regnbukse
Tradisjonsbakst: Ta med forkledeRafting: ta med badetøy, handduk, (ull undertøy dersom det er kaldt)
Tevlingar:
Det vert tevlingar i tautrekking og volleyball. Meir informasjon om dette vil koma frå leiar under leiren.Mobilnummer:
Før du reiser på leir må du sjekka at mobilnummeret som ligg i medlemsregisteret er ditt eige.
Dersom me skal ha tak i deg under leiren, er det mobilnummeret som står der me brukar.
Parfymefri leir:
Me oppmodar alle om å leggja att parfymen heima, og generelt bruka så lite parfymerte produkt som mogeleg undervegs på leiren.
Forbod mot nøtter:
Det vert totalforbod mot nøtter under heile leiren.
Det er derfor ikkje lov til å eta, ta med eller kjøpa snacks/mellommåltid som inneheld nøtter (nøtteblanding, snickers, mellombar o.l.). -
Pakkelista
Ekstremt viktig:
Telt/lavvo - det er avgrensa plass til kvart fylke, snakk difor med dei andre i fylke ditt,
eller vaksenleiaren din, for å høyra kven du kan dela telt med.Sovepose
Liggeunderlag – eit telt er mindre enn du trur, ta difor med enkelt liggeunderlag. Sjekk at det ikkje har hôl.
Toalettsaker - tannbørste, tannkrem, såpe, sjampo/balsam, deodorant o.l.
Ikkje ta med parfymeHandkle
Klede til 7 dagar (sokkar, undertøy osv)
Vanntette sko/fjellsko med ankel støtte til fjelltur
Utkledning til innmarsj og neonparty
Matboks til nista
Tallerken til brødmåltida
Drikkeflaska og termos/kopp
Mobilladar
Ekstremt varmt:
Lette, pustande kle: T-skjorter, shorts
Badekle
Solbriller
Solkrem med høg faktor og after-sun
Solhatt eller caps
Ekstremt kaldt:
Varme kle - gjerne ull
Hua/panneband
Ullsokkar
Regnkle - jakka og buksa
Vanntette sko
Ekstremt nyttig:
Dagstursekk
Slippers til dusj
Handsprit
Sitjeunderlag
Pledd
Hovudlykt m/ekstra batteri
Sandalar eller lette sko
Puta
Insektmiddel
Gnagsårplaster
Medisinar som du er avhengig av
(Me kan ikkje dela ut Ibux/paracet.
Det må du sjølv ha med viss du trur du kan få bruk for det)Kortspel
Øyreproppar – teltleiren er nær bilveg med trafikk om natta
-
Oversiktskart
-
Open dag Torsdag 11.juli
Bli med og utforsk leirlivet på nært hald!
Me ynskjer ALLE velkomen til ein ekstremt opplevelsesrik dag på leir!
Denne dagen får de sjansen til å oppleve HADO Sport, presentert av HADO Norge.
Dette er ikkje berre kanonball – det er kanonball i Augmented Reality-format! Ta del i ein unik og futuristisk oppleving der den verkelege verda møter den utvida gjennom AR-teknologi.
Me er også begeistra for å ha Morten Lyngøy og hans team frå Lyngøy motorsport på besøk.
La deg fascinera av deira lidenskap for motorsport og få innsikt i den spennande verda dei representera.Er du glad i traktora, kanskje av den gamle sorten?
Då kan me gleda deg med at Køyretøyhistorisk klubb Voss kjem til å ha veteranutstilling av traktorar.Men det stoppar ikkje der!
Me har også invitert samarbeidspartnarar og lokale bedrifter til å setja opp standar.
Dette gjer deg høvet til å gjere ein god handel medan du utforskar det varierte utvalet dei har å tilby.Hald deg oppdatert, for me vil snart avsløra endå fleire spennande programdetaljar for dagen.
Ta med familie og vener og bli med oss på ein dag fylt med gleda, læring og fellesskap.Me gler oss til å sjå dykk!
-
Gondoltur
Under landsleiren ynskjer me å tilby alle deltakarane ein gondoltur opp på Hangurstoppen (820.moh). Dette er ein tur som alle kan vera med på. Frå Hanguren har du eit fantastisk utgangspunkt for mange flotte turar. Reisetid med gondolen opp er 8.min og 48.sekund. På Hangurstoppen tilbyr me tre ulike turar for deltakarane.
- Ekstrem kort tur: Hanguren Panorama er ein liten rusletur rundt Hangurstoppen. Dette er ein lett tur som passar alle (også for dei med rullestol). Løypa er 800 meter og byr på vakker panoramautsikt over Vossafjella, Lønavatnet og Voss Sentrum. Me et nista og ser oss rundt før me tek gondolen ned igjen og buss tilbake til leiren.
Dette er turen for deg som treng tilrettelegging!
- Ekstrem middels tur: Me går Hanguren Panorama og nyt utsikta før me ruslar ned til Rødekorshytta. Her et me nista vår, slappar av og det vert moglegheit for bading i Valbergstjørni. Etter lunsjpausen går me ned igjen Bavallen og tilbake til leiren.
Denne turen er for deg som ikkje treng tilrettelegging eller ynskjer sjå heile Voss frå Lønahorgi!
- Ekstrem lang tur: For dei som vil sjå heile Voss. Dette er ein tur for dei spreke og mest ekstreme. Turen går på merka sti frå Hanguren via Rødekorshytta til Slettafjellet. Deretter går stien oppover ryggen mot Horgaletten, Kvilehytta og vidare til Lønahorgi (1410.moh). På ein godværsdag kan ein sjå heile fire isbrear frå toppen. Tidsbruk: ca 6-8 timar
- Ekstrem kort tur: Hanguren Panorama er ein liten rusletur rundt Hangurstoppen. Dette er ein lett tur som passar alle (også for dei med rullestol). Løypa er 800 meter og byr på vakker panoramautsikt over Vossafjella, Lønavatnet og Voss Sentrum. Me et nista og ser oss rundt før me tek gondolen ned igjen og buss tilbake til leiren.
-
Smalahovemiddag
Tørr du å eta smalahove?
Torsdags ettermiddag vert det ein uforgløymeleg middag saman med andre leirvener.
Smalahovetunet er den einaste smalahoveprodusenten i Noreg, men i tillegg til smalahove vert det laga pinnakjøt, rullepølse, korv og mange andre tradisjonsrike kjøtprodukt.Denne ettermiddagen får du ikkje berre middag, men ei omvisning på garden Løno og Smalahovetunet. Du får læra om salting og røyking av smalahove og du vil få vera med inn i produksjonslokala og sjå korleis det heile føregår. Etter omvisninga vert det festmiddag i stabburet frå 1700-talet eller i Grindbygget.
For meir info sjå Smalahovetunet
Bli med då vel!
Påmelding til leiren her! -
Miljøtorget
Miljøtorget er kveldens samlingsstad på leiren!Våre erfarne alumnar tek styringa og sørgjer for ekstremt god stemning, ekstremt gode vaflar og ein ekstremt varm kopp kakao.
Her kan du vente deg musikk, dans og kortspel som varer ut i dei små nattetimane.
I tillegg arrangerer dei ei rekkje morosame aktivitetar der du kan delta på det som freistar mest.
Bli med på- swinghalvtime
- speed-friending
- limbo
- karaoke
- kræsjkurs i swing, gamaldans og linedance
Eine kvelden blir det også neon-party, så kle deg ut og bli med på moroa!