NB! Merk at opplæringa går over to helger:

  • 10.-12. november 2023. (Oppstart kl 13.00 fredag, ferdig kl 14.30 søndag).
  • 8.-10. mars 2024

Du får fordjupe deg i styreverv eller i friluftsliv som du seinare får halde kurs i. Innan styreverv får du også teke to val mellom å fordjupe deg i leiar- eller styremedlemsvervet, og mellom kasserar- og sekretærvervet. Målet er å gjere deg klar for å halde sjølvstendige kurs i fylket ditt, og når kurset er over kan du helde kurs i heile landet.

Har du lyst til å bli instruktør, må du først ta kontakt med fylkesstyret/4H-kontoret i fylket ditt innan 9. oktober.

Les meir om om instruktørkurset her.

Kven kan delteke?

  • Betalande 4H-medlem 16-26 år.
  • Ha delteke på fleire kurs i fylket (anten styrevervs- eller friluftskurs)
  • Grunnleggjande kunnskap innan eit styreverv eller friluftsliv
  • Trivast med å lære vekk til andre og er motivert til å halde kurs i fylket
  • Likar å jobbe saman med andre
  • Vere motivert til å halde kurs i fylket

 

Dato for kursdelane i 2023/2024:

  • Del 1: 10.-12. november 2023
  • Del 2: Praksis i eige fylke mellom del 1 og 3, tid varierer mellom fylka
  • Del 3: 8.-10. mars 2024
     

Deltakaravgift

Kr 3 500/deltakar per opplæringshelg. Avgifta betalast av fylka. Ved påmelding trykker du på "Betal med faktura", så sender vi rekninga til 4H-fylket du representerer. 4H Norge refunderer reiseutgiftene etter billigste reisemåte. Vi oppfordrer til grønn reise.

For spørsmål, ta kontakt med rådgivar arrangement og opplæring Silje Synøve Høgelid.