Det er ei fantastisk tid av året når spenninga byggjer seg opp, og forventningane er på topp!

Landsleiren på Voss er rett rundt hjørnet, og me står klare til å ta imot kvar og ein av dykk med opne armar.
Dette blir ei uforgløymeleg oppleving som vil skapa minner for livet.

 

Me har mykje kjekt i vente, og kan knapt vente med å dele alt med dykk!
 

 hoppEkstrem Innmarsj

hoppTunbygging , der de får moglegheita til å jobba saman, bruka kreativiteten og byggja unike tun som vil stå som symbol på  fellesskap og samarbeid gjennom heile leiren.

hoppMiljøtorget kan de venta dykk mykje moro. Blant anna blir det Neon-party, så kle dykk ut og bli med på festen!

hoppGondoltur, som gir ei fantastisk utsikt over det vakre landskapet rundt Voss. Dette blir ei uforgløymeleg moglegheit til å sjå naturen frå ein heilt ny vinkel.

hoppVolleyballturnering er ein morosam og engasjerande aktivitet for alle. Kven tek sigeren?

hoppPå Open dag -  vil det vera mange kjekke stander og aktivitetar for både store og små. Det blir ein dag full av moro, læring og spennande opplevingar. Ein av hovudattraksjonane vil vera Lyngøy Motorsport, som kjem med teamet sitt og sin imponerande driftebil.

hoppSmalahovemiddag - vert ein uforgløymeleg middag saman med andre leirvener.

hoppThe Vossa Rebels - Gled dykk til dei lokale heltane frå Voss entra scena.
 

Med alt det kjekke som ventar, er det på tide å byrja planlegginga ut frå pakkelista.
Sørg for å ta med alt du treng for ein aktiv og minneverdig leir.

Det er viktig å vera godt førebudd, så ta ein titt på informasjonen som trengs i forkant av leiren.
Me håpar alle kjem med ein stor dose godt humør og er klare for å skapa uforgløymelege minner saman på Voss!

PS: Me har bestilt sol!


sol