Landsleir på Voss er landsleir - ekstrem utgåve

Våga du, våga me!
 

Voss er kjend for Ekstremsportveko, og me i Hordaland kjenner oss litt igjen i dette.
Me er litt ekstreme. Me ynskjer oss ein pangstart på leiren, og legg då opp til Ekstrem Innmarsj.

Her ynskjer me at fylka lar seg inspirera, og lagar ein heidundrande fest av ein innmarsj.
Men korleis gjer me det ekstremt, tenkjer du kanskje?

Lat oss koma med nokre døme: 

hoppKanskje fylket ditt har eit ekstremt bra rop?

hoppHar fylke ditt noko som du berre tenkjer «Dette her er så ekstremt mitt fylke!».

hoppEr du/de glad i ekstremsport ?

hoppKanskje du/de er ekstremt god på å utfordra dykk sjølv?

Her er det kun fantasien som set grenser.
 

Me gler oss til å sjå dykk på Ekstrem Innmarsj!