Landsleiren skal vera på Voss vgs 6.-13. juli 2024
og me treng mange frivillige som kan gjera ein innsats både før, under og etter leiren.
Foto: Heidi Grønsberg

Me har allereie ein flott gjeng frivillige som arbeider med leiren, men det er plass til mange fleire! Me treng spesielt hjelp til nattevakter, der er det ledig alle netter. På nattevaktene går ein i tospann – ei perfekt mogelegheit til å ta med seg ein ven eller verta kjend med ein ny.
I tillegg treng me hjelp til områdevakter, reinhaldsvakter og nokon som kan sitja i ladebua vår for å ta imot betaling.

Oppgåver og behov:

krReinhald
krMatservering

krVaktbu/leirvakt/ladestasjon
krTeltleirvakt
krNattevakter

Så her er det berre å verve ein ven, nabo, tante, onkel, bestemor eller bestefar!

Sjå her for ledige vakter og tidsrom! (WEBP, 33KB)

Finn du noko som passar deg, send ein e-post til frivillig.landsleir24@4h.no eller send ei melding til 95759034

Om det er spørsmål, kan dei også rettast til kontatinformasjon  over!

Me gledar oss til å sjå deg på leir! 

Til dykk som allereie har vist interesse: Så kjekt at du ynskjer å vera frivillig hjå oss!

Ynskjer du bu på leirområdet, les her! (DOCX, 21KB)

Andre overnattingsalternativer for frivillige finn de her! (DOCX, 356KB)