Amerikanske 4H-arar ønsker seg brevvenner i sommar. Er du 4H-ar mellom 9 – 18 år og er nysgjerrig på korleis amerikansk ungdom lever, har du no moglegheita.
Det er States' 4-H International som driv brevvenn-prosjektet. Det kostar 30 USD å delta. Dette blir betalt via Stripe (a la PayPal) når du registrerer deg. Det er viktig at du fyller ut alle felta riktig. Merk at du må oppgje to ulike verksame e-postadresser i registreringa.
Registrer deg her innan 15. Juni: States' 4-H 2021 Summer Pen Pal Program - International Participant Registration Form Survey.
Brevvenn-perioden går frå 1. juli til 23. September.
Kva skjer etter at du har registrert deg?
States' 4-H International koplar deg med ein passande brevvenn, og rundt 30.juni får du vita kven som er brevvennen din. Deretter startar dei å utveksla meldingar og lærer meir om liva til kvarandre. Synest du er vanskeleg å skriva lange brev? Då kan du til døme legga til bilete og teikningar av livet ditt og det du held på med.