Mange born og unge er klare for å teste nye fritidsaktivitetar om hausten. Foreldre er på leiting etter idear for korleis dei kan aktivisera dem, og borna er motiverte for å prøve nye ting.

Alle klubbar blir oppmoda til å gjennomføra minst eit rekrutteringstiltak for å introdusera så mange som mogleg til den beste fritidsaktiviteten i verda – nemleg 4H! Her er nokre tips og idear til korleis dei kan bli med lokalt.

Vervetips til klubbrådgjevarar:

  • Opent arrangement: Planlegg ein aktivitet som er ekstra kul, og som kan fange interessa til nye medlemmar. Finn fram noko godt å eta, for så å invitera til ein open dag der barn og unge kan bli betre kjent med 4H.
  • Skulebesøk: Spør den lokale skulen om dykk kan få fem minutt til å presentere 4H til ein eller fleire av klassane.
  • Stand: Set opp ein stand som synleggjer 4H-fargene og logoen, for å visa fram dei spennande aktivitetane 4H har å tilby. Lokalbutikkar, kjøpesenter og diverse messer, så vel som bibliotek, lokale festivalar og skulearrangement, er døme på gode plasseringar. Bestill roll ups, 4H-duker og anna utstyr i 4h-butikken.
  • Konkurransar: Kombiner stand med leikar og konkurransar for å tiltrekkja potensielle medlemmar. Lag eit fargerikt skilt der det står «Leikar og konkurransar», legg til rette for aktivitetar som lykkehjul, ringspel, tautrekking eller «gjete talet i glaset». Del deretter ut premiar og giveaways i form av drops, klistremerke og tatoveringar som dykk finn på 4hbutikken.no.
  • Infomateriell: Del ut brosjyrar, sprei vervekort og heng opp plakatar der det lèt seg gjere. Vervemateriell, standsmateriell og infomateriell kan bestillast i 4H-butikken, eller lastast ned frå nedlastingssenteret. Bruk dette aktivt i kampanjen.
  • Postkasser: Organiser ein dugnad der klubben samarbeider med foreldra om å køyre rundt i lokalområdet for å dele ut infomateriell i postkassene.
  • Bruk klubbmøta: Diskuter og planlegg vervekampanjen på klubbmøtet slik at klubben får det gjort før 30. september.
  • Sosiale medium: 4H Norge kjører ein SOME-kampanje 15.aug. - 15. september. VI oppmoda klubbane til å dele og like alle postane slik at vi får god spreiing av kampanjen. 

Verv ein venn

4H Norge vil gjerne ha alle medlemmane med, for å gjere kampanjen vellykka. Klubbane kan involvere borna og oppmoda dei til å rekruttere kjende i løpet av hausten. For kvar person eit medlem vervar, får hen vervepoeng som kan brukast i 4H-butikken. Poenga kan bytast inn mot kule premiar og utstyr. Frå 1.september får alle som melder seg inn heile 2025 med på kjøpet. Alle nye medlemmer får i tillegg ei lita velkomstgåve når dei melder seg inn.

Lykke til med vervinga! Vi ser fram til ein fantastisk vervekampanje med din og klubben si hjelp.