Årsmøte er det viktigaste møtet 4H Sogn og Fjordane har i løpet av året. På årsmøtet vel vi nytt styre og legg langsiktige planar for aktiviteten framover.
"Vedtekter" betyr regler eller lover. I vedtektene som gjeld for 4H Sogn og Fjordane (PDF, 370KB) står det mellom anna at årsmøtet skal vere samansett av:
- To (2) representantar frå kvar klubb valde på årsmøta i klubbane
- To (2) representantar oppnemnde av landbruksavdelinga hos Fylkesmannen
- To (2) representantar for 4H-alumnane i fylket, valde på årsmøtet i alumnklubben
- Ein (1) representant for dei frammøtte arrangementsmedlemmane i fylket. Denne representanten velgast av og blant dei frammøtte arrangementsmedlemmene under konstitueringa av fylkesårsmøtet
- Ein (1) representant for dei frammøtte kløvermedlemmane. Denne velgast av og blant dei frammøtte kløvermedlemmane under konstitueringa av fylkesårsmøtet.
- Ein (1) representant for dei frammøtte 4H-gardane. Denne velgast av og blant dei frammøtte 4H-gardane under konstitueringa av fylkesårsmøtet.
- Ein (1) representant frå fylkesleddet til kvar av medlemsorganisasjonane i 4H Norge. Desse møter utan røysterett. I tillegg til dei organisasjonane som er tilslutta 4H Norge. sentralt, kan fylkesårsmøtet etter innvotering knyte til seg andre organisasjonar, grupper og institusjonar som er av særleg interesse for 4H-arbeidet i fylket.
- Medlemmene i fylkesstyret.