Ønskespiren om å arrangere storleir igjen i Sogn og Fjordane vart sådd under ein fylkesleir på Mo i 2017. Vi ønskte å “reise kjerringa” igjen etter ein Nordisk 4H-leir i 2009 som vart avvikla etter 3 dagar grunna svineinfluensa. Søknaden vart sendt i 2017 og innvilga i 2019, dermed var reisa i gang. Læringskurva var bratt og vi gjorde oss erfaringar langsmed som vil gagne komande leirarrangørar i åra framover.   

Det er ein fantastisk gjeng som har lagt ned ein enorm dugnadsinnsats for å skape den beste leiren for våre medlemar. Trass utfordringar med veiret tok vi alle utfordringar på strak hand, mottoet vart etter kvart “Det kan vi fikse!”.  

No sitt vi her 5 år seinare med ein leir som føyer seg inn i rekka blant leirminner for livet. 

Inger-Margrethe Ellefsplass Sørland, leirsjef 4H-landsleir 2022. 

Landsleir på Breim 2022

4H Sogn og Fjordane arrangerte 4H-landsleir 2022 den 30.juli-06.august på Norsk Fjordhestgard i Gloppen kommune. Temaet for leiren var “Heilt lokalt!”, og målet med temaet var å vise dei som tok turen til leiren det store mangfaldet av aktivitet, tilbod og kultur som bygda har å by på. Det var 616 deltakarar under leiren, i tillegg til 91 leiarar og 70 frivillige. 

Sjølve planlegginga av leiren starta med forprosjektet vinteren 2020, men idémyldringa, tankar og løysingar har vore arbeidd med sidan 2017. Hovudkomitéarbeidet starta sommaren 2021, og i etterkant av leiren har arbeidsutvalet (beståande av leirsjef, økonomiansvarleg, PR/info-sjef og organisasjonsrådgjevar) gjort arbeidet med å sy saman rapporten. 

Denne rapporten er ikkje eit stort, samla dokument som tidlegare rapportar har vore. Vi har laga til ein mappestruktur der du leitar deg igjennom det du treng å lese. Alt som høyrer til kvar underkomité er samla i kvar si mappe, der du finn ein rapport frå underkomitéen samt nyttige filer som kan nyttast i arbeidet med leiren. Alt som ligg i mappene oppfordrar vi på det sterkaste at vert nytta, då vi har gode erfaringar med desse dokumenta/malane. I mappa som heiter “Leirsjef” vil du finne oppsummeringa frå start til slutt av hovudkomitéarbeidet, og informasjon om korleis vi har arbeidd med leiren. 

Klikk her så kjem du rett inn i mappa! 

Lukke til med arbeidet med å arrangere storleir for 4H. Dette har vore eit veldig kjekt og spennande prosjekt for oss. Sjølv om det er mykje arbeid å arrangere slikt, så er det ekstremt lærerikt! Ta kontakt med 4H Sogn og Fjordane dersom du har spørsmål eller lurar på noko!