Tørr du å eta smalahove?

Bli med på ein uforgløymeleg middag saman med andre leirvener.
Smalahovetunet er den einaste smalahoveprodusenten i Noreg, men i tillegg til smalahove vert det laga pinnakjøt, rullepølse, korv og mange andre tradisjonsrike kjøtprodukt.  

Denne ettermiddagen får du ikkje berre middag, men ei omvisning på garden Løno og Smalahovetunet. Du får læra om salting og røyking av smalahove og du vil få vera med inn i produksjonslokala og sjå korleis det heile føregår. Etter omvisninga vert det festmiddag i stabburet frå 1700-talet eller i Grindbygget.  

For meir info sjå Smalahovetunet

Ynskjer du å delta, registrer deg på ved påmelding til leiren!