Frå 4. mars kl: 18.00 kan alle entusiastiske deltakarar stå klare til å velje blant eit spennande utval av aktivitetar!

Gjennom våre ulike kanalar vil de få ein smakebit på dei ekstremt kjekke aktivitetane som ventar. Me har planlagt å gje dykk smakebitar som vil pirra nysgjerrigheita og forsterka spenninga i dagane fram mot opninga.

Følg med:
Facebook
Instagram


EKSTREMT TIDLEG UTE
For dei heldige 50 som allereie har sikra seg ein plass, ventar ein ekstra fordel. Desse får moglegheita til å velje sin føretrekte aktivitet heile 14 dagar før den offisielle påmeldingsopninga. Dei vil bli kontakta direkte av 4H Hordaland, og me gler oss til å sjå kva val dei kjem til å ta.

Komiteen er spent, og håpar verkeleg at de gler dykk like mykje som oss.

Så hold av 4. mars i kalendaren og gjer dykk klare for påmelding – dette blir ein leir de ikkje vil gå glipp av!

Me sjåast på leiren!