Bli med og utforsk leirlivet på nært hald!

Me ynskjer  ALLE velkomen til ein ekstremt opplevelsesrik dag på leir! 

Denne dagen får de sjansen til å oppleve HADO Sport, presentert av HADO Norge.
Dette er ikkje berre kanonball – det er kanonball i Augmented Reality-format! Ta del i ein unik og futuristisk oppleving der den verkelege verda møter den utvida gjennom AR-teknologi.


Me er også begeistra for å ha Morten Lyngøy og hans team frå Lyngøy motorsport på besøk.
La deg fascinera av deira lidenskap for motorsport og få innsikt i den spennande verda dei representera. 

 

Er du glad i traktora, kanskje av den gamle sorten?
Då kan me gleda deg med at Køyretøyhistorisk klubb Voss kjem til å ha veteranutstilling av traktorar.

køyretøy historisk klubb

Men det stoppar ikkje der!
Me har også invitert samarbeidspartnarar og lokale bedrifter til å setja opp standar.
Dette gjer deg høvet til å gjere ein god handel medan du utforskar det varierte utvalet dei har å tilby.

Hald deg oppdatert, for me vil snart avsløra endå fleire spennande programdetaljar for dagen.
Ta med familie og vener og bli med oss på ein dag fylt med gleda, læring og fellesskap.

Me gler oss til å sjå dykk!