Med eit hjarta fullt av minner og smil om munnen tek me farvel med 4H Landsleir på Voss 2024. Etter ei veka med eventyr, vennskap og uforgløymelege opplevingar, har deltakarane pakka saman telta ,vendt snuten heimover og forhåpentlegvis kome seg litt ovanpå.

Årets landsleir har verkeleg levd opp til forventningane. Med eit variert program fylt med aktivitetar som rafting, fallskjermhopping, swing, nålefilting  og mykje meir, har både små og store fått utfordra seg sjølve og bygd sterke band med andre 4H-medlemmar frå heile landet.


Leirsjefen
Veka som var har vore heilt fantastisk, seier leirsjef Lisa Jonetta Ølvestveit. Det føltes surrealistisk å sjå at alt me har planlagt dei siste to åra kom til liv. Sjølv om det til tider var hektisk og kaotisk, er eg kjempe fornøgd med resultatet. Det har vore så kjekt å snakka med både deltakarar, vaksenleiarar og frivillige. Ikkje minst har eg hatt det svært kjekt i lag med dei andre arrangørane, me har rett og slett blitt ein god vennegjeng i løpet av veka. Sjølv om eg arrangerte leir, og ikkje var deltakar, har eg fått både venner og minner for livet. Verkeleg ei veka eg aldri kjem til å gløyma.
hopp

God mat og gode opplevingar

Me har nytt god mat og alltid fått det me har etterspurt i kiosken. 
kioskSmalahovemiddagen vart ein smaksrik oppleving for dei som valde delta. 
smalahovetunet
Vatnet i nærleiken vart kjærkoment  då sola endeleg titta fram og ein trong avkjøling.bading

Leirbålet vart ein ekstremt koseleg oppleving der me samlast rundt elden, song songar og delte historier.
leirbål

Miljøtorg

Miljøtorget har vore ein stor suksess der ein har kunna både slappa av, vert kreativ og ikkje minst fått brukt dansfoten. Heile 791 stk H.A.N.S.A. spesial vart inntatt ila veka. Noko me håpar har gitt deltakarane ein smakfull oppleving.miljøtorg

Levande musikk

Under veka har me kunne nyte levande musikk frå eit variert spekter av artistar. Frå tradisjonell gamaldans med Strandabeljen, til energiske opptredenar av The Vossa Rebels og det populære coverbandet Folk Flest, har musikken skapt ein fantastisk atmosfære og gleda både unge og gamle.

strandabeljenvossarebels

folk flest

Konkurransar og Fellesskap

Ein av dei store konkurransane under leiren var tautrekkinga, der Vestfold og Telemark gjekk av med sigeren etter ein spennande og intensiv kamp. I alumnklassen var det Opal som sigra.
I volleyballturneringa vart det Hordaland som kunne heve troféet etter ein imponerande innsats.

tautrekking

volleyballFellesturen med gondolen hadde ikkje dei beste rammene med tanke på været, men likevel sit me igjen med gode minner.

tur

Open Dag

Open dag vart ein suksess me aldri hadde drøymt om. Folk frå nært og fjernt kom for å sjå og delta. 
Ein stor del av suksessen kan me takka dei flotte standane som bestod av Lyngøy Motorsport som fanga interessa til både store og små med driftebilen sin, Bir for moderne avfallshandtering, Nortura og Tine, Rongen gard, med lasskube med 20 000 bier, Køyretøyhistorisk klubb Voss med sine imponerande veterantraktora, Hado Norge med den populære AR-teknologien, 4H Norge og Molvik 4H gard -bær, honning, saft og andre produkter fra gården. Besøkjande fekk eit innblikk i den fantastiske leirstemninga på ein dag der Voss  verkeleg viste seg frå si beste side med solskin!

open dag 1

opendag

Takk til alle involverte

Eit så stort arrangement kunne ikkje blitt gjennomført utan innsatsen frå frivillige, støttespelarar og samarbeidspartnarar. Tusen takk for ein fantastisk innsats! Ein stor takk går også til alle leiarar, foreldre og ikkje mins deltakarane som har bidrege til å gjere landsleiren mogleg.
Voss sine vakre omgjevnader har også spela ei viktig rolle i å gi deltakarane den beste ramma for ein EKSTREMT bra leir!

Sist men ikkje minst så går den største takken til den fantastiske leirsjefen; Lisa Jonetta Ølvestveit som har stått støtt ved roret og losa oss alle godt i havn. Med ditt glødande engasjement, smittande humør og rolegheten sjølv, kunne dette berre gå som det gjekk!
EKSTREMT BRA!

Lisa

Når me no har pakka saman og sagt takk for oss, tek me med oss minner for livet og ser fram til neste gong me kan samlast.
4H Landsleir på Voss 2024 har vore eit ekstremt eventyr me kjem til å hugse lenge, og me ser alle fram til framtidige eventyr og opplevingar saman.

leir

Takk for no!