Møt Arne Haugland, som skal være instruktør på dødsekurs.
I intervjuet får du lesa meir om kurset og hans sport.

Arne Haugland

 

Korleis starta interessa di for dødsing?

  • Eg har eigentleg alltid likt å utfordre meg sjølv frå eg var liten, og har i grunn alltid brukt summarane mine i båt- eigentleg heilt frå eg var fødd. Har hoppa ein del ifrå klippar, og forskjellige ting. I 2012 såg eg dødsing på nyheitene og tenkte at hm, dette såg gøy ut, dette har eg allereie gjort i mange år. Så begynte vi å lage ein liten konkurranse heime på Os, og ja, sidan det har eg delteke i VM.

 

Har du hatt interesse for ekstremsport heile livet, eller er dette noko som har komen i vaksen alder?

  • Eg har drevet med toppidrett handball og fotball og utfordra meg sjølv på den måten.
    Eg har alltid likt, heilt sidan barndommen å utfordre meg sjølv, og forsøkjer stadig å finne nye måtar å gjere dette på.
    Dødsemiljøet var ein kjekk måte å utfordre seg sjølv på, samtidig som det er eit utruleg godt samhald innanfor miljøet.
    Generelt innan all ekstremsport er det veldig inkluderande miljø, kvar det er godt samhald. Eg driv også med fallskjermhopp og skal no byrje litt med kajakk. Det som er kjekt med ekstremsport er at det vert eit fokus på å utfordre seg sjølv, og «pushe» sine eigne grenser, ikkje andre sine.
    Jamt over er miljøa veldig inkluderande og vi «backer» kvarandre i det vi heldt på med.
    Så det er nok det gode miljøet innan ekstremsport som trigger meg mest, ikkje nødvendigvis ekstremsporten i seg sjølv.

 

Kva følelse får du av å drive med denne typen sport?

  • Dødsing er som sagt samhaldet, og gleda av å kunne pushe seg sjølv. For min del er det den kjensla av å stå klar til å hoppe der det er god stemning, før eg så har ein brytar som slår seg på og ein gjer seg klar for det ein skal gjere- ein opplev eit slags tomrom i det ein fokuserer og hoppar som gjer ei god kjensle.

 

Kva tankar går igjennom hovudet når du er i lufta, før du treff vatnet?

  • Ingen, det er det som er så deilig. Eller- det kjem an på. Dersom det er veldig høgt ein hoppar frå rekk ein gjerne tenke at «oi det er langt ned».
    Eg kjenner sjølvsagt litt på redsel om eg skal gjere noko heilt nytt, eller hoppe frå 20 meters høgde, men eg tenkjer det er sunt å kjenne på nervøsitet og det å skjerpe sansane litt.

 

Kjenner du på at du meistrar andre typar sport også, i tillegg til dødsing?

  • Eg har jo drevet med toppidrett handball- og strengtatt toppidrett fotball per definisjon, men eg veit no ikkje heilt om eg kan kalle det det. Eg har drevet med ein del forskjellig, men eg har den tanken at om eg skal forsøkje nye ting så vil eg gje det eit reelt forsøk, for det er svært få som er god i ting på første forsøk. Det vil sei at eg ynskjer å komme på eit visst nivå før eg vurderer om det er noko eg synast er gøy eller ikkje.
    Eg har ikkje alltid intensjonen om å bli best, men eg vil gje nye ting eit skikkeleg forsøk og leggje litt innsats i det.

 

Kor mange år har du drevet med dødsing?

  • Hehe, 11 VM på rad blei det.

 

Er du no slutta av med dødsing profesjonelt, eller har du planar om å delta i fleire konkurransar?

  • Eg kjem nok til å dukke opp i ein del konkurransar ja, men det køyret om å kvalifisere seg til VM er eg ferdig med. No vil eg heller bruke tida på å filme litt gøye ting, finne kule locations, eg har blant anna eit prosjekt gåande no som går ut på å ta eit par locations som ikkje er blitt gjort før. Og litt anna type dødsing enn gjerne konkurransedødsing.

 

Du har delteke i VM i dødsing 11 gonger tidlegare, korleis er det å delta i slike konkurransar?

  • Det er jo veldig gøy, ein samlar fantastiske utøvarar, mykje publikum og det er kjempegod stemning. For min del synast eg det blir litt for strengt, så eg synast dødsing handlar meir om å vere leiken, det å utfordre seg sjølv og å ha det gøy. VM blir derfor litt for streng konkurranse for min del, men et VM må vere det. Derfor har vi no starta å arrangere Bergen Døds som skal vere ein motpol til meisterskap som VM. Vi samarbeider likevel med dødseforbudet og lagar ein konkurranse som handlar om å lage show, ha det gøy og å vere kreativ. Det er ikkje nødvendigvis det mest tekniske og beste dødsaren som vinner, men den som er mest kreativ og lagar det beste showet. Eg synast det er viktig å ha begge typar arrangement, då det vil vere noko som treff alle.

 

Du skal no være instruktør på dødsekurs på landsleir, kva bør deltakarene forvente?

Har du nokon gode tips til gjengen du får møte på leir?

  • Eg forventar at det blir laga god stemning og at det vert rom for å utfordre seg sjølv og sine eigne grenser. Forutsetningane til folk er jo forskjellege, og det skal ein respektere.
    Tips: ver «open-mindet» og gå inn med tanken om å utfordre seg sjølv, hugs på at det er dine eigne grenser som skal utfordrast, ikkje andre sine.
    På kurset vil vi hoppe ein god del, og øva på sjølve dødsinga, men i hovudsak skal vi lage god stemning og sørgje for at det vert kjekke dagar, med fokus på samhald og å ha det gøy.

 

Har du høyrt om 4H tidlegare?

  • Nei, eg har ikkje det. Men det verkar som om miljøet innanfor dødsing, og miljøet i 4H har til felles at det er godt samhald.

 

Me ser at du tidlegare har hatt god lykke med triksa dine på Voss, vil du sei at Voss kan bringe lykke?

  • Altså, Voss er jo mitt litle paradis. Berre Voss er Voss, og det er jo ekstremsportens mekka. Pluss at det er eit knallgodt miljø det oppe. Det er ein plass som byr på absolutt alt, fin natur, fine folk og kjempegode moglegheiter for ekstremsport og andre aktivitetar.