
Dag 7 av leir - "siste" dag
Tautrekking
Dagen vart starta med tautrekkingskonkurransar, noko som resulterte i mellom anna eit tau som rauk i to. Dette stoppa likevel ikkje den ivrige gjengen, og det var spanande konkurranse!
Volleyballfinalar
Det vart spelt volleyballfinalar fredag 12. juli. Det var stort engasjement både blant spelarane og heiagjengane på sidelinja! Knallgodt spel førte til at "Hordaland 4" vant medlemsklassen!
Avslutningsseremoni
Fredag kveld var det tid for å ha avslutningssermoni, der det vart delt ut premiar til vinnarane av ulike konkurransar som hadde pågodt i leirveka. Arrangørane fekk også ei merksemd som takk for den flotte leiren dei stelte i stand.
Folk Flest
Etter avslutningsseremonien spelte Folk Flest opp til dans. Dette var ein kjempekjekk konsert fylt av songar publikum sang med på.
Miljøtorget
Miljøtorget var opent heile natta, og deltakarane fekk vere med på ulike aktivitetar- blant anna karaoke, quiz og swinghalvtime. Vemodig, men veldig kjekk natt i miljøtorget.
Sjå biletekarusell under for fleire bileter: