
Volleyball
Volleyballkampar
Dagen vart starta med volleyballkampar, noko som skapte stort engasjement! Været var på vår side, og det vart deilig varme og sol!
God stemning og flinke spelarar!
Open dag - ein kjempedag!
Frå kl.12-16 var det open dag, med masse kjekke bodar og mange besøkande. Veldig kjekt at så mange tok turen innom leir!
Smalahovemiddag på Smalahovetunet, Løno
Mange nytta høvet til å vera med på smalahovemiddag. Smalahovetunet er det einaste i heile landet, og her vert det produsert ca 70.000 hove i løpet av året.
The Vossa Rebels spela i miljøtorget torsdag kveld og det var topp stemning frå fyrste song!
For fleire bileter, sjå biletekarusell under: