Dag 2 med aktivitetar

I fint ver la deltakarane ut på ny runde med sjølvvalde aktivitetar. 

Nokon på sykkeltur, andre til Vikinglandsbyen i Gudvangen eller til tandemhopp fallskjerm på Bømoen. 
Fallskjerm var ekstremt spennande oppleving for dei som hadde valt denne aktiviteten. Deltakarane fekk ein god gjennomgang av hoppet på bakken saman med tandeminstruktøren sin før dei tok turen opp i flyet for ein flott luftetur. 
Til og med leirsjefen vart overask med ein luftig tur.
  
Hopp

 

Både volleyballbanana og vatnet var flittig i bruk.

Volleyball

Bading

Latsekk

Latsekk vart populært i dag i sola utover ettermiddagen 

 


Miljøtorget er ein populær plass heile kvelden, stemninga er god og alumnane står på med sal av toast og «Hansa-Spesial», den fantastiske isen som alumnane i Hordaland har diska opp med i åravis. 

Gamaldansband