I dag har det vore aktivitetsdag og alle medlemmene har vore ute på eigenvalde aktivitetar. Nokon har vore med på slakting, andre på rafting, paintball eller Kompani landsleir. 

Kompani Landsleir 1  

Paintball

Måndag var det full aktivitet langs Strandaelva da årets landsleir for kajakkpadling gikk av stabelen.

Elvekajakk 

Spennande var det for dei som hadde valt å besøkja vindtunnellen, Voss vind er Norges fyrste vertikale, resirkulerande vindtunnel. I vindtunnellen får du fly i trygge og kontrollerte omgjevnadar. 

  Vind

Deltakerne på smikurset fikk prøve seg på prosjekt som å smi hjarter og andre kreative figura. Læremeister Sigurd L Hansen lever og åndar for både smikunsten og 4H, så kombinasjonen for han er utmerka.

I miljøtorget har stemninga økt kveld for kveld.
Open scene og kræsjkurs i gammaldans slo ann.

Miljøtorg

Frå 22 til midnat, samlast  det seg denne kvelden også ein gjeng rundt leirbålet. God stemning for song, historiar og  ekstrem hygge. 

leirfoto

 

Sjå fleire bileter i bildekarusellen under: