Sundag 7. juli

Dagen for tunbygging - stor aktivitet for alle kreative sjeler i alle fylker. Det vart laga flotte hunportalar, det er ingen tvil om kven som bur her. 

I dag har det vore stor aktivitet i leiren med bygging av tun frå tidleg føremiddag. Maling, hun og utstyr var tilgjengeleg for alle fylka og det var berre å la kreativiteten sleppa seg laus. Tunbygging

Nøgde leiarar

Bli kjend leikar - poengjakt:

Det har også vore bli kjend leikar i dag, med aktivitetar som blant anna vedstabling, hesteskokasting og svampkasting. Dette var veldig kjekt.

Deltakere på svampkasting

Neonparty:

I miljøtorget var det tidanes neonparty på kveldstid. Her var dansegolvet stappa frå opning til stengning, med fantastisk god stemning. Ekstremt vellykka kveld!

Her svingar deltakarane seg.Fullstappa dansegolv.

Sjå fleire bileter i bildekarusellen under: