Dagen starta med mottaking av deltakara som kom med eige landsleirtog. Leirsjefen møtte dei spente deltakarane på perrongen syngande med eigen laga leirsong! 
togstasjon
Høg stemning og forventingsfulle deltakarar prega åtkomsten til leiren og alle tuna vart raskt fylte med telt!

Ein imponerande ekstrem innmarsj følgde, der kreativitet og engasjement skapte ei fantastisk stemning.

Buskerud

asd

dansa

Hordaland

S&F

Sjørøver

Innmarsj

Fylkesordførar Jon Askeland stod personleg for den offisielle opninga av leiren. Med ei kjensle av nostalgi for leirlivet, som han tidlegare hadde erfart gjennom fleira år i 4H, inspirerte han alle til å omfamne den kommande veka.

Iris M.Natten Frydenlund

Etterfulgt av flotte innspel med dans og musikk !

dans

Då miljøtorget opna om kvelden, vart det raskt ein samlingsstad for sosialt samvær og ulike aktivitetar. Speedfriending vart ein umiddelbar suksess, der deltakarane fekk høve til å knyta nye band og styrkja fellesskapet.

Miljøtorg

For dei som elskar å danse, vart det arrangert eit kræsjkurs i swingdans, som resulterte i mykje moro og latter blant deltakarane. Etter ein travel og opplevingsrik dag, roa leiren seg gradvis ned.

Med ein så vellykka start, er forventningane skyhøge til dei komande dagane på landsleiren. Programmet lovar fleire spennande aktivitetar og opplevingar som vil engasjere og gleda alle deltakarane.

teltleir