Aspirantleir for dei minste med ei eller to overnattingar. Klubbar i same distrikt samarbeider om å arrangere. 

Fylkesleir kan alle som er junior, senior eller alumn delta på. Vi søv i telt, deltar på mange kule aktivitetar og speler volleyball ei langhelg like etter skuleferien har starta. 

Landsleir er staden for å treffe 4H-vener frå heile landet. Leiren varer i sju dagar og ein må vere senior for å delta. Ei oppleving for livet.