På årsmøtet blir det valt 1 leiar, 1 styremedlem (økonomi), 3 styremedlemer og 3 varamedlemmer. I utgangspunktet er det leiaren og styremedlemmane som utgjer styret og har stemmerett på møta, men det svært vanleg å inkludere også varamedlemane i arbeidet. I vårt fylke blir alle innkalla til styremøta og varamedlemmer engasjerer seg gjerne i arbeidsgrupper.
Styremedlem (Økonomi)
- rapporterer til styret om økonomisk status på kvart styremøte
- har oversikt over og kontakt med alle som har økonomiansvar i prosjekt/arrangement/tiltak
- har tilgang til alle underbudsjett og ser at desse blir fulgt opp og justert
- får tilsendt rapportar frå rekneskapsførar
- årsavslutning
- leier arbeidet med å utarbeide budsjettforslag
- presenterer årsrekneskapet på årsmøte
- har kontakt med rekneskapsførar
For eit best mogleg samarbeid, treng styret å fordele oppgåver. Like etter årsmøtet deler styret derfor roller og ansvarsområder mellom seg. Styret kan i tillegg engasjere andre frivillige til ulike oppdrag. Fordelinga skjer etter interesse og kompetanse. Alt styret vedtar og gjer, er eit felles ansvar.
Skrivar
- ansvar for å skrive referat frå styremøta
- følger med på at nettsida alltid er oppdatert. Seier frå til tilsette dersom noko bør utbetrast
- passar på at blir utarbeida planar for publisering på sosiale media
- passar på at det blir utarbeida ein informasjonsplan for fylke og passer på at denne blir fulgt
- leier arbeidet med årsmelding
Nestleiar
- er leiaren si høgre hand og samtalepart. Er leiaren borte, er det nestleiar som leier møtet
- hjelper til og overtek gjerne nokre oppgåver, dersom leiar har for mykje å gjere
- held seg oppdatert
Varamedlem
- er ein fin rolle dersom du er heilt fersk i organisasjonsarbeid
- har berre stemmerett på møta dersom styremedlem(ar) ikkje er til stades
- blir i fylket vårt kalla inn til alle møter og inkludert i arbeidet
I tillegg til dette, dukkar det opp prosjekt og tiltak gjennom året.