Noko av det kjekkaste med 4H er å reise på leir, og sjølv om vi i år ikkje kan samlast på fylkesleir – kan vi arrangere leir lokalt.

Det å møtast er kanskje viktigare no enn nokon gong!
Å reisa på overnatting ute, treffast rundt leirbålet, ha leikar, volleyball, og kanskje læra noko nytt, skapar samhald og ikkje minst noko å sjå fram til.

Vi håper at DU eller klubben din har lyst til dette. 

Treng de tips og inspirasjon? I vedlegga til høgre/under finn de enkle forslag som kan hjelpe dykk med å planlegge. 

 


Leirmerke

4H-leir 2021

 Bestill stoffmerke til din leir. Eit merke kostar kr 30.

 Vips totalsummen til

4H Møre og Romsdal

#552984

Skriv melding med kodeord "leirmerke" og klubbnamn

Det symboliserar til at 4H-hjarta skyv bort/ presser ut koronaen. 

 

 

 

Det vil og bli ein konkurranse, det vil bli trekt 3 gåvekort på a kr 500 til sosial aktivitet i klubben.                                                                                                                                                 

For å delta sender du inn bilete og to-tre linjer med kva de har gjort til moreogromsdal@4h.no innan 11. juli. Bileta som blir sendt inn må ver godkjent for vidare deling på 4H sine sider.

 

Lukke til med å skape minneverdige opplevingar til medlemane dykkar!