Medlemmer og klubbar

I Møre og Romsdal fylke har vi mange fjell, fjordar og små bygder. Fylkeslaget har sidan oppstart i 1938 hatt stor aktivitet. Vi har mange flotte 4H-klubbar og nesten seks hundre medlemar! 

Alumnklubben vår MORAL

MORAL står for Møre og Romsdal Alumnlag. Dette er ungdomsorganisasjonen vår. Ein gjeng fantastiske ungdomar som mellom anna hjelper til på fylkesarrangementa. 

Har du blitt for gamal til å være hovedmedlem i 4H, men har lyst til å "gjere det beste lenger"? Då er dette klubben for deg! Les meir på facebook. 

Fylkesstyret

Styret vårt består av ein leiar, ein nestleiar, tre styremedlemmer og tre varamedlemer. Det er årsmøte i fylket som avgjer kven som får tillitsverva. Styret har om lag 8 møter i året.

Lyst til å følge med på kva styret gjer? 

Bli med på kurs og leir! 

I samarbeid med lokale klubbar og medlemmer, inviterer vi kvart år alle medlemane våre til kurs og leir.