Årsmøte er det viktigaste møtet 4H Møre og Romsdal har i løpet av året. På årsmøtet vel vi nytt styre og legg langsiktige planar for aktiviteten framover.
"Vedtekter" betyr regler eller lover. I vedtektene som gjelder for 4H Møre og Romsdal (PDF, 512KB) står det mellom anna at årsmøtet skal vere samansett av:
- To (2) representantar frå kvar klubb valde frå klubben sine teljande medlemmar på årsmøtet til klubben.
- Medlemmane i fylkesstyret.
- To (2) representantar for 4H-alumnane i fylket, valde på årsmøtet
itil alumnklubben. - Ein (1) representant for dei frammøtte arrangementsmedlemmane i fylket. Denne representanten veljast av- og blant dei frammøtte arrangementsmedlemmane under konstitueringa av fylkesårsmøtet.
- Ein (1) representant for dei frammøtte kløvermedlemmane. Denne veljast av og blant dei frammøtte kløvermedlemmane under konstitueringa av fylkesårsmøtet.
- Ein (1) representant for dei frammøtte 4H-gardane/4H-setrene. Denne veljast av og blant dei frammøtte frå 4H-gardane/4H-setrene under konstitueringa av fylkesårsmøtet.
- Ein (1) representant frå fylkesleddet til kvar av medlemsorganisasjonane i 4H Norge. Desse møter utan røysterett.
- Fylkesstyret kan invitere observatørar med tale- og forslagsrett til fylkesårsmøtet.
- Fylkesstyret kan invitere gjestar utan tale- og forslagsrett til fylkesårsmøtet.