Superhelg med årsmøte

På superhelga får du opplæring i styrevervet ditt på fredag og laurdag. I tillegg får du lære meir om kva som skal skje under årsmøtet på søndagen. Årsmøtet er del av styrekursopplæringa, slik at du blir godt kjent med den viktigaste demokratiarenaen i organisasjonen.

Storkurs

Storkurset er ei helgesamling av mange artige, spennande og lærerike kurs. Vi bur inne på skule, på flatseng. Storkurset er for alle 4H-medlemmer som fyller 12 år inneverande år.

Senior og Alumnsamling (SAS)

Dette er ei helgesamling for dei eldste i fylke, du må fylle 15 år iløpet av året for å delta. Det blir lagt stor vekt på det sosiale, men der er og nyttig læring.

Plakettfest

Til denne festen blir alle som har fullført 4H-programmet invitert. Dei fleste har og med seg familie eller venner. Det er ei høgtidleg stund, der dei får utdelt sine plakettar og vitnemål.

Inspirasjonssamling

Ei helgesamling til inspirasjon og fagleg oppdatering for dei vaksne i 4H. Viktig møtestad for klubbrådgjevarar og andre frivillige i organisasjonen. Vanlegvis første eller andre helga etter nyttår.