Har du lyst til å inspirere og lære opp andre 4H-arar? Då kan instruktørutdanninga vere noko for deg

Som kursinstruktør får du utvikle deg som leiar, lære korleis du planlegg og gjennomfører kurs, og bidra til gode opplevingar for andre medlemmer på Superhelga.

Kva er instruktørutdanninga?

Instruktørutdanninga er eit tredelt utdanningsløp som gir deg opplæring i å vere instruktør for styrevervskurs eller friluftsliv i 4H.

For å bli instruktør må du fylle 16 år i løpet av året.

Fylkesstyret dekkjer kostnadene til utdanninga mot at du forpliktar deg til å gjennomføre minst to kurs i eige fylke i løpet av ein femårsperiode etter fullført utdanning.

 Dei nasjonale kurshelgene i november og mars blir arrangerte sentralt i 4H. 

Meld di interesse her