Styremedlemmene har ekstra kontakt og fokus på sine fadderklubbar.
Fadder frå fylkesstyret: | Klubbnavn |
Styremedlemmene har ekstra kontakt og fokus på sine fadderklubbar.
Fadder frå fylkesstyret: | Klubbnavn |
Styremedlemmene har ekstra kontakt og fokus på sine fadderklubbar.
Fadder frå fylkesstyret: | Klubbnavn |
vil utvikle 4H som organisasjon
har tid og lyst til å delta på fylket sine arrangement
prioriterer deltaking på dei 8 styremøta og fylkesstyreopplæringa høgt (vi lager møteplan for heile året)
er alltid godt førebudd. Spør dei tilsette eller andre i fylkesstyret om hjelp!
har lyst til å bli kjent med mange engasjerte 4H-arar over heile landet
sjekkar e-posten ofte
bidrar aktivt i diskusjonar
arbeider med tildelt ansvarsområde/oppgåve mellom møta
har lyst til å lære masse!
har tid til nokre haustfestar og klubbesøk i løpet av året, anten åleine eller saman med andre frivillige eller tilsette
er interessert i å representere 4H på arrangement i regi av andre. Til dømes messer eller konferansar.
På årsmøtet blir det valt ein leiar, 4 styremedlemer og 3 varamedlemmer. I utgangspunktet er det leiaren og styremedlemmane som utgjer styret og har stemmerett på møta, men det svært vanleg å inkludere også varamedlemane i arbeidet. I vårt fylke blir alle innkalla til styremøta og varamedlemmer engasjerer seg gjerne i arbeidsgrupper.
For eit best mogleg samarbeid, treng styret å fordele oppgåver. Like etter årsmøtet deler styret derfor roller og ansvarsområder mellom seg. Styret kan i tillegg engasjere andre frivillige til ulike oppdrag. Fordelinga skjer etter interesse og kompetanse. Alt styret vedtar og gjer, er eit felles ansvar.
I tillegg til dette, dukkar det opp prosjekt og tiltak gjennom året.
er øverste sjef i styret
er eit førebilete og synleg leiar for medlemane i fylket
har tett samarbeid med nestleiar
har ansvar for å skape godt samarbeid i styret
syt for at ting som er bestemt, faktisk blir gjennomført
er den som tenker overordna og langt fram; korleis vil vi at 4H skal vere om 5 år?
kallar inn til styremøta og førebur sakene
syt for at møta blir leia på ein god måte
representerer fylkesleddet eksternt (uttaler seg på vegne av fylkesstyret)
har prokurarett (kan signere på til dømes avtalar og søknader)
har tett samarbeid med regionkoordinator
har tett samarbeid med organisasjonsrådgjevaren i fylket med ansvar for å følge opp styret
deltar på møter med kontaktperson i sentralstyret (4H Norge)
deltar i ulike samarbeidsforum med dei andre fylkesstyreleiarane