Planlegg og hald ein leik for klubben din.
Junioragentane er ein serie med oppdrag for deg som er junior og som ynskjer å skapa trivsel, samhald og spreie glede i klubben din. Og ikkje minst er junioragentane ute etter å passe på at alle i klubben er med og har det fint. Oppdraga som er knyta til det å vera Junioragent er laga slik at ein skal læra meir om og utfordra seg sjølv og andre. Difor kan det vera kjekkast om ein er 2 – 4 stykk i same klubb som har Junioragentane som prosjekt.
Følgande oppdrag finnast i serien Junioragentane:
Junioragentane: Refleksjonsoppgåve (denne bør du gjere først)
Junioragentane: Utfordringsliste
Junioragentane: Hald ein friluftsaktivitet
I dette oppdraget skal du planlegge og halde ein leik for klubben din på eit av klubbmøte som alle kan vera med på. Begge alternativa i dette oppdraget er leiker som inkluderer alle, og som alle kan vera med på.
Vel mellom:
1. Finn nokon som: sjå dokument
Framgangsmåte:
- Print ut nok ark slik at alle i klubben får eit kvar.
- Del ut arka og sett ei tid på kor lenge leiken skal vare.
- Når tida har gått ut kan ein snakke saman om det var nokon påstandar som var vanskelegare enn andre å finna nokon til. Har ein lært noko nytt om dei andre i klubben?
2. Kven leder leiken:
Framgangsmåte:
- Alle står i ring på golvet.
- Send ein person ut på gangen som skal vera detektiv.
- Når detektiven er gått ut, så vel gruppa ein leiar.
- Leiaren skal starte ulike bevegelsar, som for eksempel å klappe, klappe på hovudet, trampe og liknande. Dei andre i ringen skal umiddelbart gjer det same.
- Kall inn detektiven, som no har tre forsøk på å gjetta kven leiaren er, mens leiaren vekslar på bevegelsar som gruppa følger.
- Send ut ny detektiv og vel ny leiar etter dei tre forsøka.
- Det er viktig at den som er leiar gjer bevegelsar som ein veit alle i klubben klarer å gjer.
- Reflekter saman etterpå. Kvifor er denne leiken ein del av det å inkludera å skapa trivsel? Å sjå kven som skil seg ut i mengden, som kanskje ikkje har det så greit, kan ofte vera vanskeleg, og det er difor viktig å ha skjerpa sansar for å kunne hjelpe andre.
Lykke til!