Å vera junioragent handlar om å skape trivsel og det å sjå andre.
Junioragentane er ein serie med oppdrag for deg som er junior og som ynskjer å skapa trivsel, samhald og spreie glede i klubben din. Og ikkje minst er junioragentane ute etter å passe på at alle i klubben er med og har det fint. Oppdraga som er knyta til det å vera Junioragent er laga slik at ein skal læra meir om og utfordra seg sjølv og andre. Difor kan det vera kjekkast om ein er 2 – 4 stykk i same klubb som har Junioragentane som prosjekt.
Følgande oppdrag finnast i serien Junioragentane:
Junioragentane: Utfordringsliste
Junioragentane: Hald ein friluftsaktivitet
I dette oppdraget skal ein svare på desse 3 refleksjonsspørsmåla i begynninga av prosjektet, helst heilt før ein har gjort nokon av dei andre oppdraga i serien. Så skal ein svare igjen på dei same spørsmåla i slutten av prosjektet, og samanlikna svara. Har noko endra seg, har du lært noko av å vera Junioragent?
Refleksjonsspørsmål:
- Kva kjenneteiknar ein klubb med høg trivsel?
- Kvifor er det viktig at alle er med?
- Korleis kan du som Junioragent passe på at alle er med og at dei trivst i klubben?
Lykke til!