Junioragentane er ein serie med oppdrag for deg som er junior og som ynskjer å skapa trivsel, samhald og spreie glede i klubben din. Og ikkje minst er junioragentane ute etter å passe på at alle i klubben er med og har det fint. Oppdraga som er knyta til det å vera Junioragent er laga slik at ein skal læra meir om og utfordra seg sjølv og andre. Difor kan det vera kjekkast om ein er 2 – 4 stykk i same klubb som har Junioragentane som prosjekt. 

Følgande oppdrag finnast i serien Junioragentane:

Junioragentane: Refleksjonsoppgåve (denne bør du gjere først)

Junioragentane: Hald ein leik

Junioragentane: Utfordringsliste

I dette oppdraget kan du velje mellom: 

  • Naturbingo: Lag eit ruteskjema der ein fyller inn ting som er sannsynleg å finna i området ein er ute i. For eksempel kan ein fylla inn forskjellige typar trær, dyr og insekt, planter og ting. Print ut eit eksempel til kvar som er med, eller del inn i lag som går saman. Når ein finn noko i naturen så kryssar ein ut ruta. Ting som ikkje stikk av, som insekt og dyr, kan ein gjerne ta med seg tilbake. For inspirasjon – sjekk linken om turbingo.
     
  • Natursti: Planlegg og gjennomfør ein natursti for klubben din. Legg ut postar rundt på eit område, del inn i lag og sett i gang. Ein kan skrive ned spørsmål sjølv eller ta utgangspunkt i eller bruke nokon av dei som ligg på linken om natursti.
     
  • Mat på bål: Planlegg og gjennomfør matlaging på bål på eit klubbmøte.

For fleire tips kan du sjekke ut linken til Naturmøteplass for andre friluftsaktivitetar.