4H Møre og Romsdal har ordna fellestransport til landsleir på Voss, Sula Rutelag vil stå for transporten. Fellesreise ilag med andre 4H arar er ein viktig del av leiropplevelsen. 

Husk å betale faktura for fellesreise eller felleskostnadar om du reiser sjølv!

Info til alle:

Hei kjære landsleirdeltakar og foreldre i Møre og Romsdal 

Her kjem info rundt årets landsleir. Du finn meir info på heimesida til landsleiren: https://4h.no/landsleir2024/. Les gjennom og kom gjerne med spørsmål om du måtte ha dette. Er det spesielle omsyn som må takast eller informasjon som ikkje er opplyst om ved påmelding (feks allergiar), men som leiarane bør kjenna til? Ta kontakt med leiargruppa. Kontaktinfo finn du til slutt i mailen.  

Totalt er vi 69 påmeldte frå Møre og Romsdal (deltakarar og leiarar).  

Fellesreise og kommunikasjon 

Husk å betale buss/fellesavgift. Faktura er sendt på e-post. 

Vi vil i år bruke appen “spond” for å kommunisere før og under leiren. Vi har sendt invitasjon til alle påmeldte via telefonnummeret som er registert i medlemsregistret til 4H. Ein føresatt er lagt til. Viktig: Dersom du ikkje har mottatt invitasjon, klikk her: https://group.spond.com/MFSNR  

Bussrute, meir informasjon om tidspunkt kjem (ventar på svar frå busselskapet).  

Avreise frå Øydegård, ved Aspøya Fjordsenter(Tingvoll kommune)   6. juli og heimreise 13. Juli på morgonen frå Voss. Føreløpige tider, ved endring blir det lagt på spond og på heimesida.  

Aspøya Fjordsenter, Arnvika 70, 6670 Øydegard 2, 6670 kl.06.10  

Høgset, Gjemnes - kl 06.25 

Fursetfjellet, stor parkeringsplass - kl.06.40 

Molde fergekai – kl. 07:10 

Sjøholt, møt caravella- Jonny køyrer herfrå - kl 08.10 

Liabygda fergekai – kl.08.50 

Stranda fergekai – kl 09.14 

Hellesylt, oppe ved hovudvegen – kl 09.43  

Grodås - kl 10.15  

Nordfjordeid rutebilstasjon kl. 10.50 

Ankomst Voss ca kl.17.00  

Oppdaterte tidspunkt vil ligge i spond, både for avreise og heimreise. 

Innmarsj med tema: Ekstrem!  

Under fylkesleir skal landsleirdeltakarane bestemme seg for utkledning til innmarsjen på opninga. Tema er “ekstrem”, som er ope for tolking. Under møte på fylkesleir vart det bestemt at vi skal ha temaet Ekstremt Gult.  

Betaling under leiren:  

Leiren vert kontantlaus, noko som inneber at deltakarane må betale med Vipps eller bankkort under leiren.  

Leirområdet:  

Vi skal vere i tilknyting til Voss Vidaregåande på Skulestadsmo like utanfor sentrum av Voss. Det vert i år som før soving i telt/lavvo som deltakarane tek med. Kva klubb som tek med seg lavvo og antall vert fordelt på fylkesleir, men soveplass skal det verte til alle, men vi er avhengige av at deltakarane får låne telt/lavvo frå sin moderklubb.  

På leirområdet er det fleire aktivitetar ein kan gjære, inkludert Frisbee golf, volleyballbane og sandvolleyballbane. I tillegg vil det vera ein eigen gapahuk med leirbål etter kl 22.00  

Forbod frå leirkomiteen:  

Nøtter er strengt forbode på leiren. Dette fordi det er deltakarar som er hyperallergiske. Det er derfor ikkje lov å kjøpe, oppbevare eller konsumere nøttehaldig mat under leiren. Alle måltid servert frå leiren vert nøttefrie.  

Sterk parfyme vert frårådd på det sterkaste grunna innmeldt allergi frå deltakarar. Deodorant går fint.  

Det er forbode med høgtalar utanfor teltområdet i leir, det vert heller ikkje høve til å ha høgtalar ved innmarsj. Dette gjer oss moglegheita til å høyra alle dei ekstremt flotte ropa til fylka!  

Det vert kun høve til å gå på butikk på onsdag. Om det likevel skulle være krise og du som deltakar manglar noko er leiaren din behjelpeleg.  

Fjelltur onsdag  

Onsdag skal alle på felles fjelltur. Ynskjer du å gå ekstremt lang fjelltur, 6-8 timar, så må du vere i fysisk form til det og ha med deg godt nok tur utstyr til dette. Les i informasjonen sendt ut av landsleirkomiteen.  

Aktivitetar  

Desse aktivitetar treng du eigenerklæring, denne er sendt ut på mail (sjekk søppelpost!). Utan eigenerklæring får du ikkje gjennomført aktiviteten.  

  • Rafting  

  • Viss vindtunnel  

  • Paraglidarhopp tandem  

  • Downhill sykling/ stisyklig  

  • Fallskjermhopp tandem  

Om du skal på desse aktivitetane må du ha med:  

  • Slakting: regnbukse og støvlar  

  • Tradisjonsbakst: eige forkle 

  • Rafting: handduk, badekle og ullkle om dårleg veir.  

Program:  

Programmet for leiren er bestemt, du finn det her. Kvar kveld vert det miljøtorg med mellom anna swinghalvtime, speed-friending, silent disco, limbo, karaoke, kræsjkurs i swing, gamaldans og linedance. Eine kvelden vert det også neon-party, så ta med deg dei knæsjaste neonplagga du eig eller får låne og bli med på moroa! 

Det vert og underhaldning på kveldstid. Frå scena får du mellom anna flott musikk frå eit gamaldansband og The Vossa Rebels. Det vert også talentiade, har du eit flott talent du vil visa fram er det mogleg denne kvelden.  

Medlemsregister:  

Alle deltakarar må ta ein kontroll på at riktig telefonnummer er registrert på «min side», både for seg sjølv og pårørande. Dette er viktig for å ivareta beredskap og kommunikasjon under leiren.  

Førstehjelp:  

Det vil vere førstehjelpstenesta på leiren i år som tidlegare, men denne vil vere mindre operativ enn vanleg. Dette er fordi Voss fylkessjukehus ligg like i nærleiken av leirområdet. Ved behov for profesjonell medisinsk hjelp vert sjukehuset nytta. Fylket vil ha med seg førstehjelpsutstyr for handtering av småskadar, men leiarane frå fylket har ikkje løyve til å gje ut legemiddel.  

Open dag – torsdag 11. Juli 

Denne dagen er leiren open for alle som ønskjer å komme på besøk. Fleire aktørar vil ha stand og aktivitetar under denne dagen. Har foreldre og sysken lyst til å sjå korleis vi har det på leir er dykk hjarteleg velkomne denne dagen.  

Pakkeliste:  

Hugs å pakke smart og ta med kun det du treng. Vi skal bu tett i telt og det er viktig at alle får plass. Kikk og på vêrvarselet og pakk kle etter vêr, men ha i bakhovudet at vêrvarselet kan ta feil.  

Fordeling av telt/lavvoar 

Klubb  

Type  

Antall 

Elvablikk  

Telt 

Klurtolla  

Telt 

Regnbuen  

Lavvo  

Ruggå  

Lavvo  

Ruggå  

Telt  

Grimstadhøgd 

Viglo  

Fjellrosa 

Telt 

Lynet 

Telt 

Fjellreven 

Lavvo  

Moral (Vårsol)  

Lavvo  

Moral (Liljen)  

Lavvo  

Ørn 

Lavvo  

Straumen  

Telt 

Skåla  

Lavvo  

 

Leirreglar:  

Leirreglane gjeld alle 4H-arar, 4H-alumnar, leiarar og andre som oppheld seg på leirområdet! 

Generelt sett oppfordrar leirkomiteen til å nytte Kardemommelova:  
Ein skal ikkje plaga andre, ein skal vera grei og snill 
- og for øvrig kan ein gjera (nesten) som ein vil!   

  1. Gjer deg kjend med leirprogrammet og følg det.  

  1. Alle skal nytta synleg leirbevis gjennom heile leiren.  

  1. Forlat ikkje leirområdet.  

  1. Gjestar skal registrera seg og få besøkskort.  

  1. Meld frå til leiaren din om du vert sjuk eller skada, eller om du ser nokon andre som treng hjelp, uansett tid på døgeret.  

  1. Hald orden i leirområdet og bruk bossbøtter. La brannsløkkingsutstyr og anna leirutstyr vera i fred. Ser du noko bli øydelagd eller skada, meld dette inn til leirkontoret!  

  1. I teltleiren skal det vera ro mellom kl. 23 og 07.  

  1. Bading er lov på tilvist plass til oppgitt tid, så lenge du er saman med ein leiar (1:15) som er symjedyktig og kan grunnleggjande livredding.  

  1. Røyking, bruk av propanapparat og open eld er strengt forbode, utanom på tilviste plassar. Dette gjeld òg elsigarett.  

  1. Alkohol og andre rusmiddel er ikkje tillate, og fører automatisk til heimreise på eiga rekning.  

  1. Det er ikkje lov å ha med seg, eller drikke, energidrikk under leiren.  

  1. Leirrådet kan ta frå deltakarane farlege gjenstandar, som kniv, ved behov.  

  1. Ta omsyn til dei andre leirdeltakarane, og naboane til leirområdet. Ikkje opphald deg på/i område/bygningar som ikkje er ein del av leirområdet.  

  1. Respekter andre sine grenser. Seksuelt krenkande åtferd blir ikkje tolerert. Dette kan være uønskt fysisk kontakt, sårande eller ”grisete” kommentarar eller liknande.   

  1. Hugs å spørja om lov før du publiserer bilete/video av andre. 

 

Mvh  

4H Møre og Romsdal og leiargruppa for landsleir 2024: 

Jonny Fostervold - 99257763 
June Fostervold - 48254613 
Sofie Hamre - 95554767 
Kristoffer Kvamme - 97892238 
Ragnhild S. Bjørkedal - 47640341 
Hans Ole Hatle - 90091118 

 

 

 

 

ALLE som skal på leir frå 4H Møre og Romsdal må melde seg på her, også om du ordnar skyss sjølv. Dette fordi alle må ver med å betale for frakt av fellesutstyr, administrasjon og kostnada til leiarar. 

Det skal vere plass på bussen slik at deltakarane kan ha med det dei treng for å bo ute ei veke, men tenk smart når de pakkar. 

Plassane er “førstemann til mølla” for medlemmar i 4H M&R. Er det fullt må du ordne reisa sjølv - så her er det viktig å ver tidleg ute. 

Vi har satt maksprisen til 2000 kr, det kan bli noko billigare om mange reiser med fellestransporten. 

Faktura blir sendt ut, og må ver betalt innan fristen for å sikre seg plassen. 

Reiserute

Avreise frå Øydegård, ved Aspøya Fjordsenter(Tingvoll kommune)   6. juli(tidleg, tidleg på morgonen, ca 06.00) og heimreise 13. Juli på morgonen frå Voss.

Husk å krysse av for kvar du vil gå på. Den førebelse reiseruta og stoppeplassane ser slik ut: 

- Øydegård, ved Aspøya Fjordsenter 

- Høgset, Gjemnes 

- Batnfjordsøra 

- Fursetfjellet

- Molde fergekai 

- Vestnes fergekai 

- Liabygda fergekai 

- Stranda fergekai 

- Hellesylt, ved hovudvegen 

- Grodås 

- Nordfjordeid buss stasjon

Du vel sjølv ut kva tettstad du ynskjer å gå på bussen, så kjem vi tilbake med nærare informasjon om stoppestad når vi ser kvar de har meldt dykk på.  

Pris:

Vi fekk redusert  prisen, fordi bussen vart heilt full.

Eigenandel for fellestransport tur/retur: 1700 Kr. 

Eigenandel for fellestransport ein veg: 1000 kr. 

Eigenandel for dei som ikkje reiser med fellestransport : 500 Kr. 

 

Velg eit av desse alternativa ved påmelding: 

Deltakar tur/retur: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen begge vegar. 

Deltakar TIL: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen TIL landsleir. 

Deltakar FRÅ: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen FRÅ landsleir. 

Deltakar, felleskostnadar: Dette er for dei som ordnar transport sjølve. 

 

Økonomi skal ikkje ver ei hindring for å delta på leir i 4H. Trenger du, eller nokon i klubben støtte til å vere med på leir/til transport kan du lese meir og søkte støtte her: Deltagerstøtte - 4h 

 

Kontaktinformasjon 

Ved spørsmål ta kontakt med org. rådgjevar, May Britt Skjortnes.  

e-post: maybritt.skjortnes@4h.no eller tlf. 40847734