"Vedtekter" betyr regler eller lover. I vedtektene som gjeld for 4H Hordaland  (PDF, 458KB)står det mellom anna at årsmøtet skal vere samansett av:

  • 2 representantar frå kvar 4H-klubb vald på årsmøtet i klubbane. Minst ein av desse bør vera i aktiv medlemsalder.
  • 2 representantar oppnemnde av landbruksavdelinga hos Fylkesmannen.
  • 2 representantar for 4H-alumnane i fylket vald på årsmøtet i alumnklubben.
  • Ein (1) representant for dei frammøtte arrangementsmedlemmene i fylket. Denne representanten vert vald av, og blant dei frammøtte arrangementsmedlemmene under konstitueringa av fylkesårsmøtet.
  • Medlemene i fylkesstyret.
  • 1 representant frå fylkesleddet til kvar av medlemsorganisasjonane i 4H Norge. Desse møter utan røysterett. I tillegg til dei organisasjonane som er tilslutta 4H Norge sentralt, kan fylkesårsmøtet etter innvotering knyta til seg andre organisasjonar, grupper og institusjonar som er av særleg interesse for 4Harbeidet i fylket.