Leitar du etter eit skjema, ein mal eller eit dokument? 

Medlemmer og klubbar

4H Hordaland ligg i Vestland fylke. I dette området av landet har vi mange fjell, fjordar og små bygder. Fylkeslaget har sidan oppstart i 1953 vore svært aktivt. Vi har mange flotte 4H-klubbar (link til kart) og over tusen medlemar! 

Alumnklubben vår H.A.N.S.A

H.A.N.S.A står for Hordalands Aktive Nolevande Supre 4H-Alumnar. Dette er ungdomsorganisasjonen vår. Ein gjeng fantastiske ungdomar som mellom anna hjelper til på fylkesarrangementa. 

Har du blitt for gamal til å være hovedmedlem i 4H, men har lyst til å "gjere det beste lenger"? Då er dette klubben for deg! Les meir på facebook. 

Fylkesstyret

Styret vårt består av ein leiar, ein nestleiar, tre styremedlemmer og tre varamedlemer. Det er årsmøte i fylket som avgjer kven som får tillitsverva. Styret har om lag 8 møter i året. Lyst til å følge med på kva styret gjer? 

Bli med på kurs og leir! 

I samarbeid med lokale klubbar, inviterer vi kvart år alle medlemane våre til kurs og leir.