Vi startar klokka 10 og er ferdige kl 17. Midt på dagen vert det servert lunsj. 

På grunn av smittevernomsyn vert deltakarane delt inn i grupper på max 15 deltakarar som skal vere saman heile dagen.

Alle deltakarane må ha ein vaksen kontaktperson som er til stades på kurset. Dersom det ikkje er nokon frå eigen klubb som kan vere der, går det an å avtale med vaksenleiaren frå t.d. naboklubben. Vaksenleiaren kan gjerne delta på Kaffi-kurset – der blir det erfaringsutveksling og høve til å stille spørsmål om arbeidet i 4H-klubben.

Påmeldingsfristen er 27. oktober og kurset kostar kr 200,- som må betalast ved påmelding med kort eller Vipps.

Aldersgrense for å delta er 12 år i 2020.

Alle får tilsendt informasjon i førekant av Storkurset om kurset og om smittevern.

Dersom koronasituasjonen endrar seg kan Storkurset verte avlyst på kort varsel.

 

Kurstilbod:

Kart, kompass og mat på bål

Veit du kva retning du skal gå for å komme deg frå A til B? På dette kurset lærer du å bruke kart og kompass, det er eit godt hjelpemiddel når du er ute på tur. Hugs at den lettaste vegen er ikkje nødvendigvis rett fram slik kompassnåla peikar, det er lurt å studere kartet også.
Etter lunsj vert det matlaging på bål.
Heile kurset er ute, ta på deg godt med klede.

 

Juleverkstad og batikkfarging

Er det på tide å oppgradere julepynten og t-skjortene dine? Då er dette kurset for deg. Før lunsj kan du bruke fantasien og lage flott julepynt. Etter lunsj kan du lære deg «tie and dye»-batikk og farge di eiga t-skjorte.
Ved påmelding må du skrive kva størrelse du vil ha på t-skjorta di.

 

Arrangørkurs og juleverkstad

Har du ein plan om å vere med å arrangere Landsleir 2022 eller vere sjef for klubbturen så er dette kurset for deg. Her får du mange gode tips – og du blir betre kjend med dei som er i hovudkomiteen til Landsleir 2022 som skal vere på Fjordhestgarden i Gloppen. Etter lunsj kan du vere kreativ og kose deg med å lage julepynt.

 

Gaming

Likar du å spele spel på datamaskin saman med andre eller åleine. På dette kurset får du vere saman med andre som også likar det. Det vert lagt opp til at alle vel sjølv kva dei vil spele.
Du må ta med eige utstyr.

 

4H-influenser og bli kjent med andre – eit grunnkurs

Vil du lære om korleis du best kan synleggjere 4H på Instagram, Snapchat og andre sosiale media? Då er dette kurset for deg. Etter lunsj får du eit grunnkurs korleis du skal bli kjent med andre.

 

Årsmøte i SOFA og psykososial førstehjelp

Veit du korleis du skal møte nokon som opplever ei krise? På dette kurset får du lære meir om å meistre akutte situasjonar. Etter lunsj vert det årsmøte for SOFA-medlemmer.
Dette kurset er for alumnar.

 

Kaffi-kurs og psykososial førstehjelp

På kaffikurset kan klubbrådgjevarar og andre vaksne ressurspersonar dele erfaringar frå arbeidet i 4H eller stille spørsmål og få hjelp med medlemsregister og digital prosjektplattform. Etter lunsj vert det kurs i psykososial førstehjelp, der får du lære meir om å meistre akutte situasjonar.
Dette kurset er for vaksenleiarar som er med på Storkurset og klubbrådgjevarar.

 

Vi forheld oss til nasjonale og 4H sine retningslinjer ang korona, og gjennomførere alle nødvendige tiltak for at dette skal bli ei trygg dag. Storkurset kan avlysast på kort varsel dersom smittevernhensyn tilseier det.

Økonomien skal ikkje vere til hinder for å delta på aktivitetane våre. Er du 26 år eller yngre kan du, din føresette eller klubbrådgjevaren din sende søknad om å få dekka deltakaravgifta di på dette arrangementet gjennom "Deltagerstøtte". Les meir og send inn søknad her: https://4h.no/for-4h-ere/deltagerstotte/