- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane
- Digitalt (Teams)
- 10:00 - 15:00
Organisasjon
På fylkesårsmøtet kan 4H-klubbane møte med to representantar med røysterett. Dei er med og bestemmer kva som skal skje i 4H Sogn og Fjordane det neste året. Dersom andre også har lyst til å følge årsmøtet (som observatør) er dette mogleg.
Innkalling til digialt fylkesårsmøte i 4H Sogn og Fjordane
4H Sogn og Fjordane kallar inn til digitalt fylkesårsmøte søndag 14. februar.
2 representantar frå kvar 4H-klubb har røysterett.
Viser til normalvedtektene for 4H-klubbane, §5 Årsmøtet.
f. Val for eit år av:
- 2 representantar med vararepresentantar til årsmøtet for 4H i fylket.
Sakliste:
- Opning
- Namneopprop (skjer gjennom GoPlenum)
- Godkjenning av innkalling og sakliste (PDF, 1MB)
- Val av to til å skrive under protokollen
- Forretningsorden for årsmøtet (PDF, 209KB)
- Årsmelding 2020 (PDF, 15MB)
- Rekneskap 2020 (PDF, 1MB) (klikk her for meir detaljert rekneskap) (PDF, 564KB)
- Handlingsplan for 2021 og 2022 (PDF, 359KB)
- Årsplan for 2021 (PDF, 397KB) og 2022 (PDF, 398KB)
- Fastsetjing av refusjon og godtgjersle til fylkesstyret (PDF, 142KB)
- Revidering av budsjett for 2021 (PDF, 941KB)
- Budsjett 2022 og 2023 (PDF, 941KB)
- Vedtektsendringar (PDF, 309KB)
- Årsmøteuttale
- Tilsetjing av revisor
- Val (PDF, 85KB)
- Ordførar og varaordførar
- Leiar og fylkesstyre
- Vararepresentantar til fylkesstyret
- Valnemnd
- Avslutning
Praktisk informasjon:
Til alle med røysterett, sender e-post med sakspapir og lenke til årsmøtet i Teams* og sms for registrering i GoPlenum*. Alle utan røysterett kan finne lenka til Teams-møtet nederst i denne saka.
Vi opnar møtet klokka 0900 for registrering og tilkopling.
Årsmøtet startar kl. 10.00 og vil verte ferdig ca. kl. 15.00. Det bli lunsjpause under møtet.
*Vi skal bruke Teams for å snakke med kvarandre (videokonferanse) og sjå delt presentasjon. Alle med røysterett må registrere seg i GoPlenum for å røyste, teikne oss på talarlista og fremme forslag.
Pris:
Ingen kostnad.
Førebuing til årsmøte:
Vi inviterer til opplæring og førebuing til årsmøte tysdag 9. februar. Sjå eige arrangement på 4h.no/sognogfjordane. Møtet er opent for alle, og har ingen påmelding.
Påmelding:
Personleg påmelding for alle utsendingar med røysterett via ”Min side” (oppe i høgre hjørnet) på heimesida 4h.no/sognogfjordane. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord.
Påmeldingsfristen er 1. februar.
Påmeldingsskjemaet er framleis ope. Alle med røysterett skal få ein SMS. Denne skal dei bruke for registrering i GoPlenum.
Vel møtt!