Haustfesten nærmar seg med stormsteg! Her får du tips og lenker til prosjektvurdering, haustfestlister, merkebestilling og meir!
Haustfesten er den tradisjonsrike og festlege avslutninga av 4h-året. Men før det er fest er det viktig at fleire sak som ein må tenke om. Les her kva du må hugse på som medlem, styremedlem eller klubbrådgjevar.
4H medlem:
- Ferdigstill prosjektet ditt og lever det til vurdering (bruk rettleiing og info om digitale prosjekt på Informasjonssider til prosjektplattformen)
- Planlegg utstillinga di
Klubbrådgjevarar:
- Gi sluttvurdering til 4H prosjekt i klubben, evt etter ekstern vurdering (bruk rettleiing og info på Informasjonssider til prosjektplattformen)
- Ta ut haustfestliste og sjekk om alt stemmer (les Hvordan finne ut hvilke merker som skal bestilles opp? nedst på sida). Noko som ikkje stemmer? Ta kontakt med 4H-kontoret!
- Bestill merker i 4H-butikken. Ein må opprette ein konto som er knyta til klubben for å kunne bestille merker. Rettleiing korleis ein gjer det kan ein finne her i kundesenteret.
- Bruk dokumentet Mest stilte spørsmål (PDF, 1MB)for rettleiingar med bilete korleis ein kan registrere eit digitalt prosjekt, bestille merker og ta ut haustfestliste
Klubbstyre og klubbrådgjevarar:
- Planlegg haustfest og fordel oppgåver (les gjerne Tips til haustfesten (PDF, 569KB))
- Hald deg oppdatert over 4H sine reglar og anbefalingar for koronaforsvarleg aktiviteit
- Inviter og avtal med gjester dersom det er aktuelt
Lykke til med siste innspurten!