I serien om skog og skogbruk kan du velje oppdrag om skog, skogplanting og skogsarbeid med motorsag. Serien er utvikla i samarbeid med Skogkurs. Dersom du søkjer på oppdrag tagga med «skogbruk», ser du alle oppdraga i denne serien.


I Noreg må alle som hogger skogen sørgje for at ny skog veks opp att. Skogen kjem ofte opp att av seg sjølv, om vi berre gjev han tid, men vi kan som regel ikkje vente på naturen. Skogplanting er ein fin sommarjobb for ungdom, både juniorar og seniorar.

Før du kan starte med plantinga må du først gjere felta klar. Det betyr at alle felt må ryddast. Hovudregelen er at alt som kan nyttast er hogd og køyrd ut av feltet før planting.

For dyrelivet er det ein fordel at det står att nokre buskar og daude tre på flatene. Ein viktig hjelperegel er å spare ungskogsgrupper med gjenvekst opptil 1,5 m høgde. Eit unntak er gjenvekst på god mark, der bør du rydde spreidd gjenvekst over knehøgd, elles vil desse trea få for stort forsprang og konkurrere med dei nye plantene om veksttilhøva på feltet.

Utstyr

  • Motorryddesag
  • Stangmontert kjedesag

Framgangsmåte

  • Du må vere over 15 år og ha dokumentert sikkerheitsopplæring med motorsag for å kunne bruke motorryddesag. Mellom 15 og 18 år kan du bruke slik sag under tilsyn av ein vaksen.
  • Før du startar med oppdraget må du du ha kunnskap om utstyr og arbeidsteknikkar. Vi anbefaler at du har gjennomført kurs i skogplanting og kurs i bruk av motorsag.
  • Avtal med skogeigaren om arbeidet du skal gjere.
  • Lag ein plan korleis feltet skal dele.
  • Sett i gang med ryddearbeid.

Oppdraget er utvikla i samarbeid med Helene Bakke Oudenstad frå Skogkurs.