I dette oppdraget skal du sova ute under open himmel. Har du aldri har gjort det før, er det best å overnatta saman med nokon andre den fyste gongen. Du  trenger ikkje å overnatte langt unna der du bor, men finn ein stad som gir kjensle av å vera inni i skogen.

Først må du planleggja overnattinga:

  • Under finn du ei liste over ting som er viktig å ha med. Det finnes mykje fint utstyr du kan pakke med deg, men hugs at du skal bære det sjølv. Pakk difor etter årstidaNår ein skal sova ute er det viktig å leggja seg i klede som ein ikkje har brukt tidlegare på dagen. Dei er ofte rå og då frys ein lett. Skal du overnatte i hengekøye, kan du òg velje oppdraget Tur med hengekøye.
  • Finn eit kart over området du skal overnatte i. Har du ikke brukt kart før, kan du godt kombinere dette oppdraget med oppdraget Lær deg å forstå kartet
  • Så må du bestemme dag og tidspunkt for turen. Fortel om turplanen din til foreldra dine.

Nå er det berre å leggje ut på tur. Ta bilete og skriv ein liten rapport som du kan vise fram på haustfesten.

Oppdraget er utvikla i samarbeid med Helene Bakke Oudenstad frå Skogkurs.