Kva er eigentleg eit kart? Kartverket fortel: Eit kart er ei forminska teikning av ein del av jorda si overflate sett rett ovafrå, i ein bestemt målestokk. Kartet er det viktigaste hjelpemiddelet vårt når vi skal ta oss fram i ukjend terreng. Former og detaljar i terrenget blir gjevne att med teikn og symbol som vi kallar kartteikn. Viktige ting blir framheva og uviktige ting utelatne.

Når vi held kartet slik at vi kan lese det som står på kartet, peikar som regel den øvste kartkanten mot nord. No kan du opne lenkja frå Kartverket "Kva er kart" og lese vidare om målestokk og ekvidistanse.

Høgdekurvene er spesielt viktige å lære seg. Viser kartet at høgdekurvene er tette på ein bestemt plass, er det nemleg stupbratt i terrenget der også.

Eit anna mykje brukt ord med kart er orienteringOrientering er å ta seg fram i terrenget ut i frå den informasjonen vi finn på, lærer oss og nyttar frå kartet vi har over området.

Målestokk i kartet er greit å lære seg. 1:50 000 og 1:100 000 er dei to vanlegaste for turkart. 1-talet står for éin centimeter på papiret. Det store talet bak står for centimeter i terrenget. Med andre ord: er målestokken 1:50 000, vil éin centimeter på papiret tilsvare 500 meter i terrenget. Dermed kan du måle kor lang turen vil bli ut frå det du ser på kartet.

Lang erfaring viser uansett at det du må kunne betre enn noko anna for å orientere korrekt, som er så avgjerande for om turen skal bli vellukka eller ikkje, er å kunne lese informasjonen som gjevast på kartet! Gjer det derfor til ein vane å studere kartet grundig, både før, under og etter turen. Set deg inn i kva dei forskjellige symbola i teiknforklaringa betyr. Prøv å gjenkjenne innsjøar, øyer og fjelltoppar ut frå det du ser på papiret.

Hugs! Det er viktig å ikkje stole blindt på kartet. Skal du på tur i nye villmarksområde der du ikkje er kjend med forholda, kan det løne seg å ringje kjentfolk for å sjekke at vegen inn faktisk er farande. Den gamle hengjebrua kan vere øydelagt og ikkje lenger trygg leielinje over elva.