Dette er oppdraget for deg, dersom du skal hjelpe bonden på garden ein halv eller heil dag. Skal du jobbe som avløysar, da bør du velje oppdraget landbruksavløysar.

Er du glad i fysisk arbeid og har du lyst å lære meir om korleis vi produserer mat i Noreg, da kan du høyre med ein bonde om du kan hjelpe ein dag på garden. Kanskje har du ein 4h-gard i nærleiken som du kan besøke? Arbeid på garden endrar seg avhengig av årstida og kva slags gard bonden har.

På ein husdyrgard kan du hjelpe med f. eks. stell av husdyr som kyr, sau, geit, gris, hest eller høns. På ein plantegard kan du hjelpe med f. eks. produksjon av t.d. korn, poteter, grønsaker, frukt eller bær. På nokre gardar kan du kanskje hjelpe med produksjonen av ost, pølser eller saft?

Om våren jobbar bonden med å gjere jorda klar til den komande vekstsesongen (våronn). Deretter er det tid for såing og planting. Om våren er også tid for lamming og beitedyr skal ut på beita. I løpet av sommaren og hausten er det mykje arbeid med hausting av ulike vekstar når dei er modne. Graset blir slått og lagra i tett silo eller presset til rundballar (slåttonn).

Kva slags aktivitetar liker du best på garden? Har du ein favoritt årstid og kvifor liker du denne årstida best?

Syns du det er kjekt med gardsarbeid, då  kan du finne andre oppdrag om gardsliv i oppdragsbanken. Du kan bruke filter for å finne oppdrag i kategorien Dyr og Gardsliv eller søke på oppdrag som er tagga «landbruk».