Lika du å jobbe ute med dyr, natur og matproduksjon? Som avløysar har du ein sjølvstendig arbeidskvardag med varierte oppgåver og får du nyttig erfaring og praksis.

Ein avløysar tar over arbeidet på garden slik at bonden og familien kan få ferie og fri, eller hjelper til  dersom bonden blir sjuk. Du må ha fylt 15 år før du kan bli avløysar.

Korleis blir du avløysar?

Kjenner du bønder i nærmiljøet, då kan du ta direkte kontakt med dei. Elles kan du ta kontakt med eit lokalt kontor av Norske Landbrukstjenester. Dei kan hjelpe deg å kome i kontakt med bønder som treng ein avløysar og ofte tilbyr kurs for nye avløysarar.

Du kan jobbe som deltidsavløysar og kombinere arbeidet med skule eller studie. Då får du moglegheit å erfare om landbruksyrket er noko for deg.

Før du startar som avløysar, får du opplæring av bonden på garden og du må avtale kva du skal gjere og kor mykje du skal jobbe. Deretter har du ansvar for det daglege stellet på garden. Derfor er det viktig at du er ansvarsfull og har kunnskap til dyrestell og gardsarbeid.

Du kan kombinere oppdraget med andre oppdrag om gardsliv ved å bruke filter for å finne oppdrag i kategorien Dyr og Gårdsliv eller søke på oppdrag som er tagga «landbruk».

Oppdraget er inspirert av Embla Kristine.